1Og Moses gjekk fram og tala til heile Israel
2og sa desse ordi: No er eg hundrad og tjuge år gamal; eg er ikkje so nøytug som eg hev vore, og Herren hev sagt meg at eg ikkje skal koma yver Jordanåi.
20For no fører eg dei inn i det landet eg lova federne deira, der som mjølki og honningen fløymer; men når dei hev ete seg mette og feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og tena dei og vanvyrda meg og brjota mi pakt.5 Mos 30,20
21Når då mange ulukkor og trengslor møter dei, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymt hjå dei som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført dei inn i det landet eg lova dei.
22Same dagen skreiv Moses upp denne songen og let Israels-borni læra han.
23Og Herren sa til Josva Nunsson: Ver sterk og djerv! For du skal føra Israels-borni inn i det landet eg hev lova dei, og eg skal vera med deg.5 Mos 31,7
24Då Moses hadde skrive inn i ei bok alle ordi i denne lovi, heilt til endes,
25so sa han til levitane, som bar Herrens paktkista:5 Mos 31,9
26Tak denne lovboki og legg henne ned innmed paktkista åt Herren dykkar Gud; der skal ho liggja og vera eit vitne imot deg.
27For eg veit kor trassig og strid du er. Hev de ikkje alt no, medan eg lever og er hjå dykk, vore ulydige mot Herren! Korleis vil det då vera når eg er burte?
28Kalla no i hop alle styresmennene fot ættene dykkar og alle tilsynsmennene, so vil eg tala desse ordi for dei og taka himmelen og jordi til vitne mot dei.5 Mos 30,19; 32,1-3
29For eg veit vel at når eg er burte, kjem de til å forsynda dykk storleg og taka utav den vegen eg hev sagt de skal ganga; men ulukka skal koma yver dykk til slutt, for di de gjer det som Herren mislikar, og argar han upp med framferdi dykkar.5 Mos 4,30
30So kvad Moses dette kvedet frå ende til annan, for heile Israels-lyden:
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.