Jeremia 42 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Herhovdingane og folket bed Jeremias spyrja Herren um det som dei er meinte på, og lovar at dei vil gjera som Herren segjer, 1-6. Ti dagar etter svarar Herren dei gjenom profeten at so framt dei vert verande i landet, vil han gjera vel mot dei og verja dei mot Babel-kongen, men fer dei til Egyptarland av otte for ufred og svolt, vil han lata dei døy der, 7-18. Jeremias er på fyrehand viss på at dei ikkje vil lyda; difor vitnar han at det er Herrens ord han hev forkynt dei, og at dei valdar seg sjølve ulukka um dei gjer imot det, 19-22.
1Då kom alle herhovdingane, både Johanan Kareahsson og Jesanja Hosajason, og alt folket, både små og store,
2og sa til profeten Jeremias: Lat oss få bera fram vår audmjuke bøn for deg og bed for oss til Herren din Gud for heile denne leivningen av folket - for berre nokre få er me att av mange, so som du sjølv ser oss her -