1So tok heile Israels-lyden ut frå Sinøydemarki og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sa dei fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
8Sidan kom Amalek og gav seg i strid med Israel i Refidim.
9Då sa Moses til Josva: Vel oss ut nokre menner og tak ut og haldt slag med Amalek! I morgon skal eg standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.
10Josva gjorde som Moses sa til han og slost med Amalek, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen.
11Då gjekk det slik at so lenge Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, men når han let handi siga, so vann Amalek.
12Men so tok Moses til å trøytna i hendene; då tok dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur studde hendene hans, ein på kvar sida. Då heldt han hendene støde alt til soli gladde.
13Josva hogg ned Amalek og folket hans med kvasse sverdet.
14Og Herren sa til Moses: Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen! For eg vil rydja ut minnet um Amalek, so det ikkje skal finnast meir under himmelen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.