Salmane 141 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
David bed Herren koma han til hjelp i hans naud og serleg vara han so han ikkje syndar i tale og ikkje er med dei ugudlege og gjer vonde gjerningar, som dei søte fruktene deira kunde freista han til; han vil heller lata seg tukta av dei rettferdige, jamvel um det skulde vara lenge, 1-5. I tillit til Herren segjer han seg viss på at fiendane, som mest hev gjort av med han og venene hans, skal sjå at hovdingane deira vert tynte, og soleis koma til å sanna dei åtvaringane han gav dei. Til slutt bed han at Herren må vara han for dei som sit etter han, og lata dei falla i sine eigne garn, 6-10.
1Ein salme av David. / Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst, no eg ropar til deg!
2Lat bøni mi gjelda som røykoffer for di åsyn, mine upplyfte hender som kvelds-matoffer!