1Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar;
2Men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauene.
3Han let dørvaktaren upp åt, og sauene høyrer målet hans, og han kallar sine sauer på namn og leider dei ut.
4Når han hev fenge ut alle sauene sine, gjeng han fyre dei, og sauene fylgjer han; for dei kjenner målet hans.
5Ein framand vilde dei aldri fylgja; dei vilde røma for han, av di dei ikkje kjenner målet åt dei framande.
6Denne likningi sa Jesus dei, men dei skyna ikkje kva det var han tala til dei um.
7So tala Jesus atter til dei og sa: Det segjer eg dykk for visst og sant: Eg er døri som ber inn til sauene.
8Alle dei som er komne fyre meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.