Esekiel 27 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I ein syrgjesong yver Tyrus, 1.2, skildrar profeten fyrst kor herleg byen er, 3-11, kor mange han hev samhandel med, 12-25, og so korleis byen snart skal ganga reint til grunns, 26.27, og for sorg og redsla og skadeglad spotting det då skal verta kring i folki, 28-36.

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Du menneskeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus!

14Frå Togarma-lyden fekk du vognhestar og ridehestar og muldyr for varone dine.

15Dedans søner var kræmarane dine; mange havstrender fekk varor av di hand, filsbein og ibenholt gav dei deg i vederlag.

16Syria handla med deg av di du var rik på allslags kunstarbeid; karfunkelsteinar, purpur og rosesauma ty og fint linty og korallar og rubinar gav dei deg i varebyte.

17Juda og Israelslandet var dine kræmarar; kveite frå Minnit og søte kakor og honning og olje og balsam gav dei deg i varebyte.

18Damaskus handla med deg av di du var rik på allslags kunstarbeid, på allslags gods; dei kom med vin frå Hebron og kvit ull.

19Vedan og Javan frå Usal gav att for varone dine, so blankt jarn og kassia og kalmus kom i handel hjå deg.

20Dedan handla med deg med salklæde til å rida på.

21Arabia og alle fyrstane i Kedar fekk varor av di hand; lamb og verar og bukkar selde dei deg.

22Kræmarane frå Sjeba og Rama var dine kræmarar; allskyns angande urter av gjævaste slag, allslags dyre steinar og gull gav dei for varone dine.

23Karan og Kanne og Eden, kræmarane i Sjeba, Assur og Kilmad handla med deg;

24dei handla med deg med prydelege klæde, med kåpor av purpurblått og rosesauma ty og med heile skattar av tvinna, mangleta garn, med tvinna og sterke tog på din marknad.

25Tarsis-skip var dine karavanar, dei dreiv handelen din, og du vart fyllt og ovende rik, der du låg midt ute i havet.

26Ut på storhavet førde dine rorskarar deg - austanvinden bryt deg sund midt i havet.

27Ditt gods og dine varor, din handel, dine sjøfolk og skiprar, dei som bøter lekane dine, og dei som driv din handel, alle stridsmennene som du hev hjå deg, og heile mannskapet som du hev um bord, skal stupa midt i havet den dagen du fell.

28For naudrop ifrå skiprane dine skal markene bivra.

29Og dei skal stiga utor sine skip, alle som med årane sit, sjøfolki og kvar skiper på havet; dei skal ganga i land.

30Dei skal barma seg yver deg og anka seg sårt, og dei skal kasta mold på sine hovud og velta seg i oska.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help