1. Samuelsbok 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jonatan gjer fostbrorlag med David, 1-4. David vert sett yver herfolket; kvinnone fagnar han meir enn Saul for det han hev gjort; Saul ovundar David og vil drepa han, 5-11. Han sender han frå seg og set han til hovding for 1.000 mann, i den voni at han skal falla i striden, lovar han Merab, dotter si, men gjev henne til ein annan, 12-19. Etter David hev drepe 200 filistarar, fær han Mikal, andre dotteri åt Saul; ho held av han. Herren er med han, 20-30.

1Um Jonatan er å segja at då han hadde høyrt samtalen millom David og Saul, drogst hugen hans til David, og han fekk han so kjær som sitt eige liv.1 Sam 19,1; 20,17

2Same dagen tok Saul han til seg og let han ikkje meir få fara heim att til far sin.1 Sam 17,15

3Og Jonatan gjorde fostbrorlag med David, av di han hadde han likso kjær som sitt eige liv.1 Sam 20,8.16; 23,18; 2 Sam 21,7

4Han tok av seg kappa han hadde på, og gav henne til David, og like eins herklædi sine og jamvel sverdet sitt og bogen og beltet.

5Sidan drog David i herferd. Kva ærend Saul sende han i, stelte han seg visleg; Saul sette han yver stridsmennene sine, og han var vel umtykt av heile folket, jamvel av tenarane åt Saul.

6Då dei kom heim att, då David kom attende etter han hadde felt filistaren, gjekk kvinnone ut frå alle byar i Israel og vilde møta kong Saul med song og dans, med trummeslått og fagnadrop og spel.Dom 11,34

7Og medan dei dansa, song dei: Saul felte fiendar i tusundtal, men David i titusund-tal.1 Sam 21,11; 29,5

8Då vart Saul brennande harm; han lika dei ordi ille og sa: Dei hev gjeve David titusund-tali, og meg hev dei gjeve tusundtali. No vantar det berre at han fær kongedømet.

9Frå den dagen såg Saul alltid rangt på David.

10Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud yver Saul, og han vart reint frå seg medan han sat inni halli si. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde, og Saul hadde eit spjot i handi.1 Sam 16,14; 19,9-10

11Best det var, svinga han spjotet og tenkte: Eg skal renna spjotet gjenom David og inn i veggen. Men David bøygde seg undan tvo gonger.1 Sam 20,33

12Saul var redd David; for Herren var med han, men hadde vike frå Saul.Mark 6,20

13Difor sende Saul han burt og sette han til hovding for tusund mann. Sidan gjekk David fyre herfolket både ut i striden og heim att;

14han stelte seg visleg i alt han tok seg fyre, og Herren var med han.

15Då no Saul såg at David for so visleg fram, stokk han for han.

16Men heile Israel og Juda heldt av David; for det var han som gjekk fyre dei både ut og heim.

17Ein dag sa Saul til David: Sjå her er Merab, eldste dotter mi; henne vil eg gjeva deg til kona. Lat meg berre sjå at du er ein djerv kar og strider Herrens stridar! For han tenkte med seg: Eg vil ikkje leggja hand på han; filistarane skal gjera det.

18David svara: Ikkje er eg slik mann, og ikkje er eg av slik ætt i Israel at eg kann venta å verta måg åt kongen.

19Men då tidi kom at David skulde føra Merab Saulsdotter heim, vart ho gift med Adriel frå Mehola.

20Mikal, dotter åt Saul, hadde huglagt David. Då Saul fekk vita det, lika han det vel.

21Saul tenkte: Han skal få henne; ho skal verta ei snara for han, so filistarane fær lagt hand på han. So sa han til David: Du skal få andre dotter mi; so vert du mågen min no.

22Og til mennene sine sa han: Tala med David i løynd og seg: Kongen tykkjer vel um deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta måg åt kongen!

23Då kongsmennene sa det til David, svara han: Tykkjer de det er so lite verdt å vera måg åt kongen? Eg er då berre ein fatig og ring mann.

24Kongsmennene bar ordi hans i Saul og sa: Soleis svara David.

25Då sa Saul: So skal de segja åt David: Kongen krev ikkje onnor festargåve enn fyrehudi av hundrad filistarar; soleis vil kongen hemna seg på fiendane sine. Men Saul tenkte med seg: Då kjem filistarane til å drepa han.

26Då kongsmennene fortalde David kva Saul hadde sagt, var han glad av di han skulde verta måg åt kongen, og fyrr tidi var ute,

27gjorde han seg reidug og for i vegen med mennene sine. Han slo i hel tvo hundrad mann av filistarane, tok fyrehudene deira med seg og la dei fulltalde fram for kongen, so han kunde verta mågen hans. Då let Saul han få Mikal, dotter si.

28No såg og skyna Saul at Herren var med David; og Mikal Saulsdotter heldt av han.

29Då vart Saul endå reddare David og var sidan hans uven all si tid.

30Filistarhovdingane for jamleg i herferd, og kvar gong dei drog ut, for David vislegare åt og var hepnare enn alle hermennene åt Saul, og han vann eit stort namn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help