1. Korintar 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus talar framleides um fridomen åt den kristne. Han set seg sjølv fram til eit fyredøme på korleis den truande, når kjærleiken krev det, viljugt bør lata vera å bruka fridomen sin: han hev sjølv i fleire måtar gjeve avkall på den fridomen og retten hev som apostel, 1-18 og han hev gjort seg til tenar for alle, so han kann vinna sjelene deira, 19-22. Han syner so korleis den kristne for si eigi skuld og bør vera varsam når han brukar fridomen, og manar lesarane til å vera fråhaldande og vinna yver seg sjølve, liksom dei som strider for å vinna sigersprisen i tevlingane, 23-27.
1Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Hev eg ikkje set Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?