Jesaja 63 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten skildrar den skræmelege domen som Herren skal halda yver Edom, det er: dei som er fiendar av riket hans, 1-6. Israel i utlægdi sannar at Herren fordom viste det stor nåde, men at det sette seg upp mot han og soleis gjorde han til sin fiende, og at det under straffi han sende yver det, lengta attende til den gamle tidi då han so herleg frelste og førde og verna det, 7-14. Det bed han, sin rette far, visa miskunn, so han gjer ende på forherdingi og friar det ut or den armodsdomen som det no hev lote leva i so lenge, 15-19.

1Kven er han som kjem frå Edom, frå Bosra i raude klæde, so brikjen i bunaden sin, so staut i si store kraft? - Det er eg, eg som talar rettferd, som er mektig til å frelsa.

7Herrens miskunn vil eg forkynna, Herrens pris etter alt det Herren hev gjort mot oss, og hans store godleik mot Israels hus, for di han gjorde imot dei etter si miskunn og sin store nåde.Sal 77,12-21; 103,2-5; 105,5-6

8Han sa: Ja, dei er mitt folk, dei er born som ikkje vil svika. Og han vart ein frelsar for dei.

9I all deira trengsla var ingi trengsla, og hans åsyns engel frelste dei; i sin kjærleik og si store milda løyste han dei ut, og han tok dei upp og bar dei alle dagar i gamletidi.2 Mos 14,19; 23,20.23; 32,34; Jes 46,4

10Men dei var stride og gjorde hans Heilage Ande sorg; då skifte han hug og vart deira fiende, han sjølv stridde imot dei.Ef 4,30

11Då tenkte hans folk på gamle dagar, på Moses: Kvar er han som førde dei upp or havet med sin buskaps hyrding? Kvar er han som gav sin Heilage Ande midt ibland dei,2 Mos 14,29; Sal 77,21; 4 Mos 11,25

12han som let sin herlege arm fara ved høgre sida åt Moses; og som kløyvde vatnet framfor dei, so han skapte seg eit æveleg namn,

13han som førde dei gjenom djupet som ein hest yver heidi, so ikkje dei snåva?

14Liksom buskapen som gjeng ned i dalen, førde Herrens Ande dei til ro; soleis førde du ditt folk og skapte deg eit herleg namn.

15Skoda ned frå himmelen og sjå, frå din heilage og herlege bustad! Kvar er din brennhug og ditt velde? Din hjartans medynk og di miskunn held seg att frå meg.5 Mos 26,15; Sal 80,15

16For du er vår far; for Abraham veit ikkje um oss, og Israel kjenner oss ikkje; du, Herre, er vår far, «vår utløysar frå eldgamal tid» er ditt namn.Jes 64,7; Sal 78,35; Jes 54,8; 59,20; Ordt 23,11

17Kvi let du oss vildra frå dine vegar. Herre? Kvi gjer du vårt hjarta hardt, so det ikkje ottast deg? Vend um for dine tenarar skuld, for dei ætter skuld som er din arv!

18Eit lite bel hev ditt heilage folk havt landet i eiga, so trakka våre uvener ned din heilagdom.Sal 79,1-4

19Det hev vorte med oss som du aldri hadde rådt yver oss, som namnet ditt aldri hadde vore nemnt yver oss.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help