Daniel 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I tridje styringsåret åt kong Belsasar ser Daniel i ei syn ein ver med tvo horn, som stangar mot tri himmelætter, og som inkje dyr kan standa seg imot, 1-4, og so ein bukk med eit stort horn, som kjem tenjande vestantil mot veren, bryt sund dei tvo horni hans og tyner han, 5-7. So vert hornet på bukken avbrote, og att i staden veks det upp fire andre; frå eit av dei skyt det upp eit lite horn, som vert ovstort og briskar seg mot Gud, øydelegg gudstenesta og valdar folket hans mykje mein, 8-12. Profeten fær greida på kor lenge dette skal vara, 13.14; engelen Gabriel legg ut syni for han um kongane i Persia og Media, som kongen i Grekarland (Aleksander den store) vinn yver, um dei fire mindre mektige riki som landet hans skal verta bytt i når han er burte, og um ein konge som sidan skal standa fram i eit av dei (syrarriket), fara hardt med Guds folk og setja seg upp mot Gud sjølv (Antiokus Epifanes), 15-26. Profeten vert reint sjuk og skræmd yver denne syni, 27.

1I det tridje året av kongedømet åt Belsasar, fekk eg, Daniel, sjå ei syn, ei som kom etter den eg fyrr hadde set.

10Det voks ende upp til himmelheren og kasta nokre av denne heren - av stjernone - ned på jordi og trakka på dei.

11Ja, jamvel mot hovdingen yver heren briska det seg; det tok ifrå han det daglege offeret, og hans heilagdoms bustad vart nedriven.

22Og at dette hornet vart avbrote, og det kom fire andre att i staden, det tyder at det skal verta fire kongerike av folket hans, men ikkje med hans kraft.

23Men ved slutten av veldet deira, når illgjerdsmennene hev fyllt syndemålet sitt, skal det koma upp ein konge, ubljug og meinsløg.

24Veldet hans skal verta stort, men ikkje ved hans eigi kraft, og han skal gjera utruleg stor skade og hava lukka med seg i alt det han tek seg til; han skal tyna mektige hovdingar og eit folk av heilage.

25Med di han er so klok, skal han hava heppa med seg i svikarferdi si; han skal ovmoda seg i hjarta, og uventande skal han tyna mange; ja, mot hovdingen yver hovdingane skal han setja seg upp, men menns hand skal han då verta krasa.

26Og sanning er syni um kveldane og morgnane, som vert umtala. Men gøym du denne syni, for det peikar langt fram i tidi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help