Domarane 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herrens engel lastar Israel for di dei ikkje hev drive ut kana'anitene, 1-5. Etter Josva og dei gamle er slokna, hev Israel falle ifrå Herren; difor gjev han dei i hendene på fiendane deira; når naudi er størst, reiser han upp domarar millom dei og bergar dei frå fiendane; men dei vendar ikkje um frå gudløysa si 6-19; Herren vert harm og let heidningane verta verande i landet, 20-23.

1Herrens engel kom frå Gilgal upp til Bokim og sa: Eg henta dykk upp frå Egyptarland og førde dykk til det landet eg lova federne dykkar, og eg sa: Aldri i verdi skal eg brjota mi pakt med dykk,

6Då Josva hadde bede farvel med folket, og Israels-borni var farne heim, kvar til sin odel, og skulde eigna til seg landet,

12dei vende seg frå Herren, sin fedre-Gud, som hadde ført dei ut or Egyptarlandet, og heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolki, og tilbad dei og arga Herren;

13dei vende seg frå Herren og dyrka Ba'al og Astarte-bileti.Dom 10,6; 1 Kong 11,5.33

14Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei; han slepte dei i hendene på uvenene deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendane.Dom 3,8; 4,2; 10,7

15Kvar dei for fram, var Herrens hand imot dei, so det gjekk dei ille, som Herren hadde sagt dei, og som Herren hadde svore, og dei kom i stor naud.3 Mos 26,17; 5 Mos 28,25

16Då let Herren domarar standa fram, som berga dei frå røvarane.Dom 3,9.15

17Men dei lydde ikkje domarane sine heller og heldt seg med andre gudar og tilbad dei; dei tok snart ut av den vegen som federne deira hadde fylgt; for dei lydde Herrens bod, men so gjorde ikkje desse.

18Og kvar gong Herren let ein domar standa fram millom dei, so var Herren med domaren og berga dei frå uvenene deira so lenge domaren levde; for Herren ynkast yver dei når dei sukka og stunde for di dei vart tvinga og trælka.Dom 10,16

19Men ikkje fyrr var domaren burte, fyrr dei fall ifrå att og for endå verre åt enn federne sine, heldt seg til andre gudar og dyrka dei og tilbad dei; dei la ikkje ned noko av det vonde dei hadde fyre seg, eller av si trassige framferd.

20Då vart Herren harm på Israel, og han sa: For di dette folket hev brote den pakti eg gjorde med federne deira, og ikkje hev lydt mine ord,

21so vil ikkje eg heller hjelpa dei meir og ikkje driva ut noko av dei folki som Josva let vera att då han døydde.

22Med dei skulde Israel røynast um dei vilde halda seg etter Herrens vegar og ganga på dei, som federne deira gjorde, eller ikkje.Dom 3,1.4; 5 Mos 8,2

23Soleis var det Herren let desse folki få vera og ikkje straks dreiv dei ut og ikkje gav dei i Josvas hender.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help