Job 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Uskynleg er det, held Job fram, at Gud let vera å straffa dei ugudlege, 1. Det finst vinnesjuke folk som fer fram med vald mot dei fatige og hjelpelause so alle ser det, og soleis fører dei ut i den største naud; men Gud ansar det ikkje, 2-12. Andre - dråpsmenner og tjuvar og horkarar - driv ustraffa på med gudløysa si i løyndom, 13-17. Venene talar nok med sterke ord um at dei ugudlege fær ein brå og skræmeleg ende, 18-21. Men i røyndi gjeng det reint annarleis med dei; Gud gjev dei eit langt liv og bergar dei ut or dei største fårar; han let dei leva trygt, og når dei hev nått ein mogen alder, fær dei døy som alle andre, 22-25.

1Kvifor let den Allmektige då aldri sine straffetider koma? Og kvifor kann 'kje dei som kjenner han, få sjå hans dagar?

2Sjå berre: Folk flyt merkesteinar; dei ranar fe og sender det på beite.5 Mos 19,14; 27,17; Ordt 22,28

3Dei driv burt asnet åt den farlause; uksen som enkja eig, tek dei i pant.Job 22,6; 5 Mos 24,17

4Dei skuvar fatigfolk or vegen, og gøyma seg lyt alle spaklyndte i landet.

5Ja, plent som villasen i øydemarki gjeng dei ut til strevet sitt og leitar etter føda; den aude heidi gjev dei brød åt borni.

6På marki haustar dei inn foret åt den gudlause, og i hans vingard sankar dei det som er leivt.

7Um natti ligg dei nakne, utan klæde og utan noko yver seg i kulden.

8Av støytregnet på fjellet vert dei våte; dei vantar livd, og difor trykkjer dei seg innåt berget.

9Den farlause vert riven burt frå brjostet, ein armings klæde gjeng i pant.

10Dei ferdast nakne, utan klæde, og svoltne lyt dei bera kornband.

11Dei persar olje millom murane åt dei ugudlege; dei trør vinpersone og tyrster.Jak 5,4

12Frå byen høyrest styn av folk som døyr, og dei som ulivssår hev fenge, skrik um hjelp; men Gud, han ansar ikkje slik ein urett.

13Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg 'kje på ljossens stigar.

14Fyrr dagen renn, ris mordaren, slær arm og fatig mann i hel; um natti er han so som tjuven.Sal 10,8-9

15Horkaren speiar etter skymingi; han segjer: Inkje auga ser meg, og andletet sitt løyner han.Jes 29,15; Job 22,13

16I myrkret bryt dei inn i husi, um dagen stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.Joh 3,20

17Den myrke natt er morgon for dei alle; dei kjenner redslone åt nattemyrkret.

18Snøgt vert dei rivne med av straumen; forbanna vert nok deira jord i landet; dei styrer ikkje sine steg til vinberg meir. /

19Som turk og hete gløyper snøvatn, so gløyper helheim dei som syndar.

20Livet åt mor hans gløymer han, han vert til lostemat for makken, det er ingen meir som minnest han, og vondskapen vert som eit spildra tre.

21Ja, soleis gjeng det med den som plundra den barnlause, som ikkje fødde, og aldri gjorde godt mot enkjor.

22Men Gud held valdsmenn lenge uppe med si kraft, dei reiser seg att, dei som hadde mist all von um livet. /

23Han let dei leva trygt og styd dei; hans augo vaktar deira vegar.

24Dei stig so høgt; eit lite bel - so er dei ikkje meir; dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som topp på aks.Job 21,13

25Og er det ikkje so, kven gjer meg då til lygnar? Kven er det som kann gjera mine ord um inkje?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help