Romarane 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Alle menneske, slik som dei er av naturi, er utan orsaking for Gud og ligg under hans dom; for dei veit kva Gud vil, men gjer det ikkje, og Gud spør etter gjerning, ikkje etter kunnskap, 1-16. Jødane hev nok Guds lov og umskjeringi; men det vil ikkje hjelpa dei; for lovi held dei ikkje, og Gud ser ikkje berre på det ytre, men fyrst og fremst på det indre, 17-29.

1Difor er du ikkje orsakande, menneske, kven du so er som dømer. For med di du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv; for du som dømer, gjer sjølv det same.

2Men me veit at Guds dom, som sanning krev, råmar dei som fer med sovore.

3Meiner du då det, menneske, du som dømer dei som fer med sovore, og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom?

4Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help