Hosea 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
I si naud skal israelitane mana kvarandre til å venda um til Herren, visse på at han då snart vil reisa dei upp att og velsigna dei, 1-3. For di dei vantar sann kjærleik, hev han tukta dei hardt. Han krev kjærleik og gudskunnskap framfor alle offer, men dei hev brote pakti med han; Efra'im er fullt av skamlege misgjerningar og styggeleg avgudsdyrking, 4-10. Juda skal og få si straff, når Herren med domane sine gjer ende på fangetidi for folket sitt, 11.
1Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev rive sund, men han vil og lækja oss; han slo, men vil og fetla oss.