1. Samuelsbok 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israel dreg ut til strid mot filistarane, men taper og hentar Herrens kista, 1-5. Filistarane vert redde, men tek mod til seg att og vinn yver Israel og tek kista, 6-11. Med det same Eli fær tidendi um det, dett han ned av stolen sin og bryt halsbeinet; kona åt Pinehas, son hans, fær ein son, som ho kallar Ikabod, og døyr, 12-22.

1Samuels ord nådde yver heile Israel, og Israel drog ut til strid mot filistarane; dei lægra seg ved Eben-Eser, og filistarane lægra seg i Afek.

2So fylkte filistarane heren sin mot Israel, og striden breidde seg utyver; då tapte Israel for filistarane, og filistarane felte på sjølve slagmarki um lag fire tusund mann.

3Då no folket kom att til lægret, sa styresmennene i Israel: Kvifor hev Herren late filistarane vinna på oss i dag? Lat oss henta Herrens paktkista hit frå Silo, so ho kann koma og vera millom oss og berga oss frå fiendane våre!

22Ho sa: Kvorven er herlegdomen frå Israel; for Guds kista er teki.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help