1Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurane ljoma hjå dykk,3 Mos 23,24-25
2og de skal bera fram eit brennoffer som angar godt for Herren: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
3og matofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa attåt uksen og tvo tiandepartar attåt veren,
4og ein tiandepart for kvart av dei sju lambi,
5og so ein syndofferbukk til å gjera soning for dykk med,
6umfram månads-brennofferet og matofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt matoffer og dei vanlege drykkofferi, eit eldoffer som angar godt for Herren.4 Mos 28,3-8.11-15
7Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko utearbeid;3 Mos 16,29-34; 23,27-28
8og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
9og matofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa attåt uksen og tvo tiandepartar attåt veren,
10og ein tiandepart for kvart av dei sju lambi,
11og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med matoffer og drykkoffer som høyrer til.
12Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda helg for Herren i sju dagar.3 Mos 23,34-44
13Då skal de bera fram eit brennoffer, eit eldoffer som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
14og matofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa for kvar av dei trettan uksane og tvo tiandepartar for kvar av dei tvo verane,
15og ein tiandepart for kvart av dei fjortan lambi,
16og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer.
17Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
18og matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
19og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og sine drykkoffer;
20tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
21og matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
22og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
23fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
24med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
25og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
26femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
27med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
28og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
29sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
30med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
31og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
32sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
33med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
34og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
35Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid og må ikkje gjera noko utearbeid;3 Mos 23,36; Joh 7,37
36og de skal bera fram eit brennoffer, eit eldoffer som angar godt for Herren: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
37med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet,
38og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
39Dette er det de skal ofra Herren på høgtidene dykkar, umfram lovnadsofferi og dei friviljuge offeri dykkar, anten det er brennoffer eller matoffer eller drykkoffer eller takkoffer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.