1Dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå var der og laut halda seg undan Saul Kisson. Dei var av dei kjempone som hjelpte han i striden.1 Sam 27,6
2Dei var væpna med boge og var vane å kasta stein med slyngja og skjota piler av bogen, både med høgre og vinstre handi. Dei var av ættefrendane hans Saul, av Benjamins-folket.1 Krøn 8,40; Dom 20,16
3Det var Akieser, hovdingen deira, og Joas, søner åt Sema'a frå Gibea, og Jesuel og Pelet, søner åt Asmavet, og Beraka og Jehu frå Anatot
4og Jismaja frå Gibeon, ein av dei tretti kjempone og hovding yver dei tretti, og Jirmeja og Jahasiel og Johanan og Josabad frå Gedera,
5Elusai og Jerimot og Bealja og Semarja og Sefatja harusiten,
6Elkana og Jissija og Asarel og Joeser og Jasobam, korahitane,
7og Joela og Sebadja, søner åt Jeroham, frå Gedor.
8Av gaditane var det og nokre som gjekk yver til David og kom til han i fjellborgi i øydemarki - djerve kjempor, stridsvane hermenner væpna med skjold og spjot; dei var å sjå til som løvor og var snøgge som hindar på heidi.2 Sam 2,18
9Den fyrste av dei heitte Eser, den andre Obadja, den tridje Eliab,
10den fjorde Mismanna, den femte Jirmeja,
11den sette Attai, den sjuande Eliel,
12den åttande Johanan, den niande Elsabad,
13den tiande Jirmeja, den ellevte Makbannai.
14Desse var av Gads-sønene og var herhovdingar; den ringaste av dei var hovding yver hundrad og den gjævaste yver tusund mann.
15Dei var det som gjekk yver Jordan i den fyrste månaden, medan elvi flødde yver breddene alle stader, og som støkte alle dalbuane, so dei rømde, sume austetter og sume vestetter.Jos 3,15
16Det kom nokre av Juda- og Benjamins-sønene og til David, alt i fjellborgi.
17David gjekk ut til dei og tok til ords og sa til dei: Kjem de til meg med fred og vil hjelpa meg, so skal hjarta mitt høyra dykk til, og me skal halda i hop; men kjem de og vil svika meg og gjeva meg yver til fiendane mine, endå det ingen urett er i mine hender, so gjev våre fedre-Gud må sjå åt og refsa det!Sal 7,4-6
18Då kom Anden yver Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa: Dine er me, David, og med deg held me fred, du Isai-son! Fred vere med deg, og fred vere med hjelpesmennene dine! For din Gud hjelper deg. So tok David vel imot dei og sette dei til hovdingar i herflokken sin.
19Av Manasse-mennene var det og nokre som slo lag med David då han saman med filistarane drog ut og skulde strida mot Saul. Det vart like vel ikkje so at han hjelpte filistarane; for hovdingane deira vart samrådde um å senda han burt, med di dei sa: Det kjem til å kosta oss hovudet, um han no gjeng yver til Saul, herren sin.1 Sam 29,4
20Då han so for til Siklag, gav nokre av Manasse-mennene seg med han; det var Adna og Josabad og Jediael og Mikael og Josabad og Elihu og Silletai, hovdingar for dei herflokkane som høyrde til Manasse.
21Desse hjelpte David mot ransmennene; for dei var djerve stridsmenner alle saman, og dei vart hovdingar i heren.1 Sam 30,1-6
22For dag etter dag kom det folk til David og vilde hjelpa han, so dei sistpå vart til ein her so stor som ein Guds-her.
23No skal me rekna upp dei herbudde flokkane som kom til David i Hebron og vilde flytja Sauls kongedømet yver på han, soleis som Herren hadde sagt:2 Sam 5,1
24Juda-søner som bar skjold og spjot, seks tusund og åtte hundrad, herbudde menner;
25av Simeons-sønene djerve og stridsvane herkjempor, sju tusund og eit hundrad,
26av Levi-sønene fire tusund og seks hundrad;
27og attåt dei Jojada, hovdingen for Arons-ætti, og tri tusund og sju hundrad mann med han,
28og like eins Sadok, ei ung og djerv kjempa, med den ættgreini han høyrde til - tvo og tjuge hovdingar;2 Sam 15,24
29av Benjamins-sønene, ættefrendane hans Saul, tri tusund; for til dessa hadde mengdi av dei halde seg til Sauls hus;2 Sam 2,8-11
30av Efra'ims-sønene tjuge tusund og åtte hundrad, djerve kjempor, namngjetne menner i ættgreinene sine;
31av halve av Manasse-ætti attan tusund namngjetne menner, som var utvalde til å fara av stad og gjera David til konge;
32av Issakars-sønene som hadde skyn på tidshøvi, so dei visste kva Israel skulde gjera; hovdingane deira var tvo hundrad i talet, og alle ættefrendane deira lydde dei i alt;
33av Sebulons-ætti femti tusund stridsføre menner, herbudde med alle slag våpen, dei fylkte seg til strid med sviklause hjarto;
34av Naftali-ætti tusund hovdingar og med dei sju og tretti tusund mann som bar skjold og spjot;
35av danitane åtte og tjuge tusund og seks hundrad herbudde menner;
36av Asers-ætti fyrti tusund stridsføre og herbudde menner;
37og frå hi sida av Jordan, av rubenitane og gaditane og hi helvti av Manasse-ætti, hundrad og tjuge tusund fullvæpna hermenner.
38Alle desse stridsmennene kom i skipa fylking med ærleg hjarta til Hebron og vilde gjera David til konge yver heile Israel; og alle hine Israels-mennene var og samde um å taka David til konge.
39Dei var der hjå David i tri dagar og åt og drakk; for landsmennene deira hadde stelt til gjestebod åt dei.
40Og grannane deira, jamvel dei som budde so langt undan som Issakars- og Sebulons- og Naftalifylki, førde og mat dit på asen og kamelar og muldyr og uksar; dei kom både med mjøl og fikekakor og rosinkakor og vin og olje og storfe og småfe i mengdevis; for det var gleda i Israel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.