1. Kongebok 14 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Abia, son åt Jeroboam, vert sjuk; Jeroboam let kona si klæda seg ut og sendar henne til profeten Akia i Silo, som varslar at barnet lyt døy og at Jeroboams hus skal verta utrudt; Jeroboam døyr; og Nadab, son hans, vert konge, 1-20. Rehabeam og Juda syndar og mot Herren; han let Sisak, egyptarkongen herja Jerusalem; Rehabeam døyr, og Abiam, son hans, vert konge etter han, 21-31.

1I same tidi vart Abia, son åt Jeroboam, sjuk.

2Då sa Jeroboam åt kona si: Kjære deg, tak og klæd deg ut, so ingen kann sjå at du er kona åt Jeroboam, og gakk so til Silo! Der du veit Akia, profeten, bur, han som spådde at eg skulde verta konge yver dette folket.

25So hende det i femte året av Rehabeams kongedøme at Sisak, kongen i Egyptarland, drog upp mot Jerusalem.1 Kong 11,40; 2 Krøn 12,2

26Han tok både dei skattane som låg i Herrens hus, og dei som var i kongshuset - alt saman tok han. Like eins tok han alle gullskjoldane som Salomo hadde kosta.1 Kong 10,16

27I staden for dei fekk kong Rehabeam gjort koparskjoldar og sette hovdingane for drabantane som heldt vakt i slottsporten, til å taka vare på dei.

28Og kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar drabantane desse skjolda og tok dei so med seg attende til vaktstova.

29Det som meir er å segja um Rehabeam og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.2 Krøn 12,15-16

30Millom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tidi.1 Kong 15,6

31So for Rehabeam til federne sine. Han vart gravlagd hjå federne i Davidsstaden. Mor hans heitte Na'ama og var frå Ammon. Abiam, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help