1. Krønikebok 29 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David segjer til lyden kva det er for vyrke han hev samla til templet, og manar dei til å fylgja fyredømet hans, 1-5. Israels hovdingar kjem viljugt med gåvor; gull og sylv og kopar og jarn og anna, 6-8. David og folket gled seg yver det; han prisar Herren for denne nåden og bed for folket og for Salomo, son sin, 9-19. Folket prisar Gud, ofrar og gjer Salomo til konge andre gongen, 20-22. Salomo hev lukka med seg i kongedømet sitt og alle lyder han. David døyr, 23-30.

1Sidan tala kong David so til heile lyden som hadde samla seg der: Salomo, son min, den einaste som Gud hev kåra, er ung og kløkk, og verket som skal gjerast er stort; for denne gilde bygnaden er ikkje etla åt eit menneske, men åt Herren Gud.

16Herre, vår Gud! Alle desse rikdomane som me hev drege i hop, so me kunde byggja eit hus for ditt heilage namn - or di hand er dei komne, og ditt er det alt saman.

17Eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og hev hugnad i ein ærleg hug. Vel - av eit ærleg hjarta hev eg gjeve deg alt dette, og med gleda hev eg no set korleis folket ditt som her stend, friviljugt hev kome til deg med gåvone sine.

23So vart då Salomo konge etter David, far sin, og sat på Herrens kongsstol. Han hadde lukka med seg, og heile Israel lydde han.1 Krøn 28,5

24Og alle hovdingane og kjempone og like eins alle sønene åt kong David hyllte kong Salomo.

25Herren gjorde Salomo ovleg stor i augo åt heile Israel og gav han ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel fyre han hadde havt.2 Krøn 1,1

26David, son åt Isai, hadde vore konge yver heile Israel.

27Den tidi han rådde yver Israel var fyrti år. I Hebron sat han konge i sju år og i Jerusalem i tri og tretti år.1 Kong 2,11

28Han døydde i høg alder, mett av dagar og rikdom og æra, og Salomo, son hans, vart konge etter han.

29Det som er å fortelja um kong David, frå fyrst til sist, det stend skrive i krønikeboki åt Samuel, sjåaren, og i krønikeboki åt Natan, profeten, og i krønikeboki åt Gad, sjåaren.1 Krøn 21,9

30Der er det og fortalt um heile kongedømet hans og storverki hans og um dei tilburdane som i hans tid kom yver han og yver Israel og alle andre land og rike.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help