2. Krønikebok 36 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Folket set Joakas til konge, men Neko set han av, 1-3. Neko set Jojakim til konge; han er gudlaus og vert fanga av Nebukadnesar, 4-8. Jojakin vert konge, men vert fanga og førd til Babel, 9.10. Sedekias vert konge; han er gudlaus og gjer uppreist mot Babel-kongen; heile folket er og gudlaust; dei hev og fyrr og jamleg spotta Guds ord og vanvyrdt profetane hans, 11-16. Kaldearane hertek Jerusalem, øyder byen og tek folket og tempeleignelutene deira med seg til Babel, 17-21. Der lyt jødane vera i utlægd, til dess kong Kyros gjev dei lov til å fara heim att til sitt eige land, 22.23.

1So tok landslyden og gjorde Joakas, son åt Josias, til konge i Jerusalem etter far hans.

11Sedekias var ein og tjuge år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i elleve år.2 Kong 24,18; Jer 52,1-3

12Han gjorde det som Herren hans Gud mislika; han audmykte seg ikkje for Jeremias, profeten, som tala ord frå Herrens munn.

13Han gjorde og uppreist mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var hardnakka og strid i hugen og vilde ikkje venda um til Herren, Israels Gud.Esek 17,13-21

14Alle hovdingane for prestane og landslyden forsynda seg og storleg og fylgde alle dei avstyggelege skikkane åt heidningfolki; og dei gjorde Herrens hus ureint, det som HAN hadde helga i Jerusalem.5 Mos 18,9

15Herren, deira fedre-Gud, sende dei seint og tidleg fyretolor med utsendingane sine; for han tykte synd i folket sitt og bustaden sin.Jer 25,4

16Men dei spotta Guds utsendingar og vanvyrde ordi hans og hædde profetane hans, til Herrens harme mot folket hans vart so stor at det ikkje fanst botevon meir.

17So let Herren kaldearkongen draga ut imot dei, og HAN drap med sverdet dei unge mennene deira i det heilage huset deira; han sparte korkje svein eller møy, ikkje gamle eller gråhærde folk heller - Herren gav dei alle i hans hender.

18Alle dei ting som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var gøymde i Herrens hus, og dei som kongen og hovdingane hans åtte - alt tok han med seg til Babel.2 Kong 25,13-21; Jer 27,19-22

19Dei brende upp Herrens hus og reiv ned murane kring Jerusalem; alle slotti i byen sette dei og eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde.Neh 1,3

20Dei som sverdet hadde leivt, førde han i utlægd til Babel. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans; til dess persarriket fekk makti.

21Soleis skulde det røynast, det ordet som Herren hadde tala gjenom Jeremias' munn - til dess landet hadde svara sabbatsåri sine; alt medan det låg audt, fekk det kvila - til sytti år var lidne.Jer 25,11-14; 3 Mos 26,34-35

22So var det i fyrste styringsåret åt Kyros, kongen i Persia; då vekte Herren, som vilde at det skulde ganga fram det han hadde tala gjenom Jeremias' munn, slike tankar i Kyros, kongen i Persia, at han let ropa ut i heile sitt rike og endå til kunngjera i brev:Esra 1,1-4; Jer 29,10; Jes 44,28

23So segjer Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, hev gjeve meg alle kongerike på jordi, og han hev sett meg fyre at eg skal byggja han eit hus i Jerusalem og Juda. Er det nokon av dykk som høyrer til folket hans, so vere Herren hans Gud med han, og han kann få fara dit!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help