2. Kongebok 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jehu let drepa dei 70 Akabs-sønene og ryd ut heil Akabs hus, 1-11; han let mennene sine drepa brørne åt Akasja, tek Jonadab med seg til Samaria og drep der dei som er att av Akabs hus, 12-17; han lest vera ein ihuga Ba'als-dyrkar og fær samla alle Ba'als-prestane i Ba'als-templet, drep dei og riv ned templet; soleis gjer han ende på Ba'als-dyrkingi i Israel; men han dyrkar kalvane som Jeroboam sette upp, 18-29. Herren lovar han at etterkomarane hans skal sitja på hans kongsstol til fjorde leden; Hasael slær Israel og tek landet austanfor Jordan; Jehu døyr, 30-36.

1Akab hadde sytti søner i Samaria. So skreiv då Jehu brev og sende til Samaria, til dei øvste i Jisre'el - styresmennene - og til dei som Akab hadde sett til verjor for sønene sine, og i brevi stod:

2De hev sønene åt herren dykkar hjå dykk, og de råder yver vognene og hestane og ei sterk borg og våpni. Når no dette brevet kjem dykk i hender,

3so sjå dykk ut den beste og høveligaste av sønene åt herren dykkar og set han på kongsstolen åt far hans, og strid so for huset åt herren dykkar!

4Då vart dei fælande redde og sa: Dei tvo kongane kunde ikkje standa seg mot han; korleis kann då me?

14Då ropa han: Tak dei levande! Og mennene hans tok dei og hogg dei ned innmed brunnen i Bet-Eked - dei var tvo og fyrti i talet; han sparde ikkje ein einaste av dei.

15Då han for derifrå, råka han på Jonadab Rekabsson, som kom imot han. Han helsa og sa: Meiner du det likso ærleg med meg so eg med deg? Jonadab svara: Ja. Er det so, so rett meg handi! Då han so rette han handi, drog Jehu han upp til seg i vogni

26Dei bar ut sulone i Ba'als-templet og brende dei upp2 Kong 11,18

27og reiv ned Ba'als-sula; sjølve Ba'als-templet reiv dei og ned og laga det um til naudturftstader, som finst der den dag i dag.2 Kong 3,2

28Soleis var det Jehu rudde ut Ba'al or Israel.

29Men dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fenge Israel til å gjera, gav han ikkje upp; han heldt ved og dyrka gullkalvane i Betel og Dan.1 Kong 12,28-29

30Og Herren sa til Jehu: Etter di du hev gjort til gagns det som rett var i mine augo, og i alle måtar hev fare soleis med Akabs hus som eg vilde, so skal etterkomarane dine sitja på Israels kongestol til fjorde leden.2 Kong 15,12

31Men Jehu la ikkje vinn på å fara fram av alt sitt hjarta etter den lovi som Herren, Israels Gud, hadde sett; han gav ikkje upp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fenge Israel til å gjera.

32På den tidi tok Herren til å skjera stykke ut or Israel. Hasael vann yver dei langs heile Israels landskil2 Kong 8,12

33og tok på austsida av Jordan heile Gileadlandet, Gads-ætti og Rubens-ætti og Manasse-ætti, alt i frå Aroer ved Arnonåi, både Gilead og Basan.

34Det som meir er å segja um Jehu, alt det han gjorde og alle storverki hans, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.

35So for Jehu til federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joakas, son hans, vart konge etter han.2 Kong 13,1

36Den tidi Jehu sat konge yver Israel i Samaria, var åtte og tjuge år.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help