Job 36 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
I ein ny tale segjer Elihu at han endå hev noko å forsvara Gud med; hans kunnskap er fullkomen, og difor er og ordi hans sanning, 1-4. Gud er nok sterk, men vanvyrder like vel ikkje dei gudlege; tvert imot tyner han motstandarane deira og frelser og upphøgjer dei sjølve, 5-7. Når trengsla råkar menneski, og dei let seg føra til umvending ved Guds tukt og påminning, so fær dei leva i lukka; elles gjeng dei til grunns, fåvituge som dei er. Soleis gjeng det med dei ugudlege, som berre harmast ved ulukka og ikkje bed til Gud. Dei gudlege vert frelste just ved si naud og liding, som opnar øyro deira for Guds røyst, 8-15. Job og vil Gud fria ut or trengsla hans på denne måten; men fer han gudlaust åt, kjem han til å draga Guds dom ned yver seg. Han må ikkje i harm yver den store trengsla si lata seg lokka til å spotta Gud; det tykkjest han hava meir hug til enn til å lida; men slikt vilde berre føra til undergang for han; um han rasar aldri so mykje, kann det ikkje fria han ut or trengsla, 16-21. Han må ikkje meistra den allmektige og vise Gud, men saman med alle andre prisa hans verk, 22-25. Guds storvelde syner seg i naturi, i regn og toreslått og elding, som han straffar og velsignar med, 26-33.
1Og Elihu heldt fram og sa:
2Vent litt, so eg fær sagt deg kva eg meiner! For endå hev eg ord til å forsvara Gud med.
3Min kunnskap vil eg henta langan leid og syna greidt at skaparen hev rett.
4For mine ord er ikkje falske, det er visst; fullkomen kunnskap hev den mann som stend framfor deg.
5Sjå, Gud er sterk, men han vanvyrder ingen, han som er veldig i forstandskraft.
6Han let ikkje ein gudlaus mann få leva, og armingane hjelper han til deira rett.
14Dei døyr i ungdomsalderen, let livet liksom skjøkjesveinar.
15Han frelser armingar ved deira armodsdom og opnar deira øyro gjenom trengsla.
19Kann skriket ditt vel fria deg or trengsla, kann alt ditt strev og slit vel gjera det?
20Du må 'kje stunda etter natti, den natt då heile folkeslag vert blesne burt ifrå sin stad!
30Han breider ljoset sitt ikring seg og gøymer det med havsens røter.
31For soleis refser han vel folki, men gjev og rikeleg med føda.
32Han sveiper hendene i ljos og sender det mot fienden.
33Hans torebrak ber bod um han, ja, feet varslar når han kjem.