Daniel 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I tridje styringsåret åt persarkongen Kyrus syrgjer, fastar og bed Daniel i tri vikor, 1-3. Straks etter hev han ei syn attmed Tigris-elvi. Han ser ein mann i strålande skapnad (Guds Son) og vert maktstolen då han fær sjå han, og då han so høyrer den veldige røysti hans, sig han i uvit til jordi, 4-9. Ein engel styrkjer han, vissar han um at Gud straks hev høyrt bøni hans, greider ut for han kvifor han like vel er komen fyrst no - han hev heile tidi lote strida med englehovdingen yver Persia; i denne striden hev Mikael, ein av dei framste englehovdingane, hjelpt han - og segjer at han no vil forkynna kva som skal henda Guds folk i dei siste dagane, 10-14. Profeten, som endå er redd, vert styrkt på nytt, 15-18; engelen segjer han at han no lyt fara attende og halda fram med striden mot englehovdingen yver Persia og sidan mot Grekarlands-hovdingen; berre Mikael, englehovdingen åt jødane, skal hjelpa han i denne striden; men fyrst vil han like vel forkynna han kva som er skrivi um framtidi i sanningsboki, 19-20; 11,1.

1I det tridje styringsåret åt persarkongen Kyros kom det i ei openberring eit ord til Daniel, som dei og kalla Beltsasar; det ordet er sant og varslar stor trengsla. Og han merkte seg ordet og akta på syni.

5såg eg upp, og då fekk eg sjå ein mann som stod der; han var klædd i linklæde, og kring lendene hadde han eit belte av Ufas-gull;

15Medan han tala soleis åt meg, vende eg andletet mot jordi og var mållaus.

16Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippone mine. Då let eg upp munnen og tala og sa til han som stod framfor meg: Herre, ved den syni eg hev havt, hev det kome slik verk yver meg at eg eig ingi makt lenger;

20Men fyrst vil eg kunngjera deg kva som er skrive i sanningsboki. Og det finst ikkje ein som hjelper deg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar;

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help