1Alle Israels-menner var innførde i ættelistor; dei er, som me veit, uppskrivne i boki åt Israels-kongane. Då Juda-mennene vart førde av til Babel for skuld svikferdi si,
6og av Serahs-sønene: Je'uel og brørne deira, seks hundrad og nitti i talet;
19Sallum, son åt Kore, son åt Ebjasaf, son åt Korah, og brørne hans - dei som var av same ættgreini som han, korahitane - hadde fenge det yrket at han skulle halda vakt ved dørstokkane i tjeldet, for di federne deira hadde vakta inngangen til Herrens læger.
20Pinhas, son åt Eleasar, var fyrr i tidi forstandaren deira; Herren var med han.
27Um natti heldt dei seg kringum Guds hus; for det var dei som skulde halda vakt, og det var dei som laut syta for at portane vart upplatne kvar morgon.
28Sume av levitane hadde tilsyn med dei gognene som vart nytta i gudstenesta, og tok tal på dei, både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut,
29og sume var sette til å taka vare på dei andre gognene - på alle dei gognene som fanst i heilagdomen - og på mjølet og vinen og oljen og røykjelsen og kryddone.
30Det var nokre av prestesønene som laga kryddesalven.
35I Gibeon budde Je'uel, far åt Gibeon. Kona hans heitte Ma'aka.1 Krøn 8,29-40
36Eldste son hans var Abdon; so var det Sur og Kis og Ba'al og Ner og Nadab
37og Gedor og Ahjo og Sakarja og Miklot.
38Miklot fekk sonen Simeam. Dei og budde i lag med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne sine.1 Krøn 8,3-5
39Ner fekk sonen Kis, og Kis fekk sonen Saul, og Saul fekk sønene Jonatan og Malkisua og Abinadab og Esba'al.1 Krøn 10,2
40Son hans Jonatan heitte Meribba'al, og Meribba'al fekk sonen Mika.
41Sønene hans Mika var Piton og Melek og Tahrea.
42Akas fekk sonen Jara, og Jara fekk sønene Alemet og Asmavet og Simri, og Simri fekk sonen Mosa.1 Krøn 12,3
43Mosa fekk sonen Bina; hans son heitte Refaja, hans son Elasa, hans son Asel.
44Asel hadde seks søner, og her kjem namni deira: Asrikam, Bokeru og Ismael og Searja og Obadja og Haman. Dette var sønene åt Asel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.