Jakob 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Åtvaring til dei som hev si gleda i godset sitt: Domen stend for døri, og då skal både skattane deira og dei sjølve øydeleggjast for deira syndige åtferd skuld, 1-6. Dei kristne som vert plaga, skal vera langmodige, ikkje hemngjeruge, men tolmodige i liding som profetane og Job, ikkje hardnakka halda på sin rett og bruka eidar til å gjeva ordi sine vekt, når nokon krenkjer dei, 7-12; dei skal beda og lata andre beda for seg, 13-15, sanna syndene for kvarandre, 16-18, sjå til å umvenda dei som er på rang veg, 19.20.
1Og no, de rike, gråt og barma dykk for dei ulukkone som skal koma yver dykk!