2. Kongebok 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Elisa spår at hungersnaudi skal vera slutt dagen etter, og segjer til ein av hovudsmennene, som ikkje vil tru, at han skal få sjå det, men ikkje få njota godt av det, 1.2. Fire spillsjuke menner finn syrarlægret tomt for folk, men med alt som elles høyrde til, 3-9. Dei segjer frå til kongen; Israel plundrar lægret, og båe spådomane at profeten sannar seg, 10-20.

1Då sa Elisa: Høyr no Herrens ord! So segjer Herren: I morgon dette bel skal eit mål fint mjøl vera å få for ein sekel på torget i Samaria og like eins tvo mål bygg for ein sekel.

2Men hovudsmannen som kongen studde seg på, svara gudsmannen so: Um so Herren gjorde lukor frå himmelen, so kunde vel ikkje sovore henda! Elisa svara: Du skal få sjå det med eigne augo, men ikkje få eta av det.

3No var det fire menner der som hadde spillsykja og heldt seg utmed byporten. Dei sa seg imillom: Kvifor skal me sitja her til me døyr?3 Mos 13,46

4Tenkjer me på å ganga inn i byen, so veit me at det er hungersnaud i byen, og me kjem til å døy der; og vert me sitjande her, lyt me døy då og. So kom no og lat oss ganga yver til lægret åt syrarane! Let dei oss leva, so lever me, og drep dei oss, so døyr me.

5I skumingi tok dei av stad og vilde ganga inn i syrarlægret. Men då dei kom til utkanten av lægret, fanst det ikkje eit menneske der.

6For Herren hadde laga det so at syrarane tyktest høyra ljoden av vogner og hestar, gnyen av ein stor her; då sa dei seg imillom: Du skal sjå Israels-kongen hev leigt hetitarkongane og egyptarkongane til å taka på oss!2 Kong 19,7

7So tok dei ut og rømde i skumingi; dei let etter seg tjeldbuene sine og hestane og asni - heile lægret slik som det stod - og rømde på harde livet.

8Då desse spillsjuke mennene kom til utkanten av lægret, gjekk dei inn i ei tjeldbu og åt og drakk. So tok dei sylv og gull og klæde som dei fann der, og gjekk burt og gøymde det. Sidan kom dei att og gjekk inn i ei onnor bu og tok det som var der, og gøymde det burt.

9Men so sa dei seg imillom: Dette er ikkje rett gjort av oss. I dag kann me bera fram eit fagnadbod; men tegjer me og drygjer til det vert ljost i morgon, kjem det skuld på oss. So kom no og lar oss ganga inn og segja frå i kongsgarden!

10So kom dei og ropa til vakti i byporten og fortalde det og sa: Me kom til lægret åt syrarane; då me skulde sjå til, fanst det ikkje eit menneske der, og ikkje høyrde me likt til folk heller; men hestane og asni stod bundne, og tjeldbuene var som dei plar vera.

11Portvaktarane ropa ut tidendi, og det vart bore bod alt inn i kongsgarden.

12Då reis kongen upp - det var natt - og sa til mennene sine: Eg skal segja dykk kva syrarane hev gjort mot oss: Dei veit me svelt; difor hev dei teke ut frå lægret og løynt seg utpå marki; dei tenkjer som so: No gjeng Israels-mennene ut or byen; so tek me dei levande, og sidan kann me draga inn i byen.

13Då tok ein av mennene hans til ords og sa: Lat nokre av folki dine taka fem av dei hestane som er att her i byen - dei kann ikkje fara verre enn heile mengdi av Israels-menner som er att her, eller verre enn heile mengdi av Israels-menner som hev sett livet til - og lat oss so senda dei i veg, so fær me sjå!

14So henta dei tvo vogner med hestar fyre, og kongen sende dei av stad etter syrarheren og sa: Far i veg og sjå korleis det hev seg!

15Dei for etter syrarane alt til Jordan. Då fekk dei sjå at heile vegen var strådd med klæde og anna som syrarane hadde kasta frå seg medan dei rømde i redsla. Då dei kom att, dei som kongen hadde sendt i veg, sa dei frå um ferdi si.

16So gjekk folket ut og plundra syrarlægret, og då vart det so som Herren hadde sagt, at eit mål fint mjøl var og få for ein sekel og tvo mål bygg like eins.2 Kong 7,1

17Kongen hadde sett den hovudsmannen han studde seg på, til å halda styr på folket i porten; men det gjekk so til at folk trødde han ned der, so han let livet, soleis som gudsmannen hadde sagt - det som han sa då kongen kom ned til han.

18For då gudsmannen sa til kongen: Tvo mål bygg skal kosta ein sekel og eit mål fint mjøl det same på torget i Samaria i morgon dette bel,

19då tok hovudsmannen til ords og sa: Um so Herren gjorde lukor på himmelen, so kunde vel ikkje sovore henda! Men gudsmannen svara: Du skal få sjå det med eigne augo, men ikkje få eta av det.2 Kong 7,2

20Og soleis gjekk det han; for folket trakka han i hel i porten.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help