1Til songmeisteren; ein salme av David.
2Herre, berga meg frå vonde folk, vakta meg for valdsmenner,
3som tenkjer ut vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!
4Dei kvesser tunga si som ein orm, ormeeiter er under lippone deira. Sela.Sal 64,4; Rom 3,13
5Vara meg, Herre, for hendene åt ugudlege folk, vakta meg for valdsmenner, som tenkjest til å få mine føter til fall!
6Ovmodige folk hev lagt løynde fellor og reip for meg, dei hev strakt garn attmed vegen, dei hev sett snaror for meg. Sela.Sal 142,4
7Eg segjer til Herren: Du er min Gud; lyd, Herre, på mi bønerøyst!Sal 31,15
8Herren, Israels Gud, er mi sterke frelsa; du vernar mitt hovud på væpningsdagen.
9Herre, lat ikkje den ugudlege få det han ynskjer, lat ikkje hans meinråd få framgang! Elles kom dei til å upphøgja seg. Sela.
10Yver hovudet på dei som kringset meg, skal den ulukka koma som deira lippor valdar.Sal 7,17
11Glør skal ein rista ned yver dei; i elden skal han kasta dei, i djupe vatn, so dei ikkje kann reisa seg.
12Ein munnkåt mann skal ikkje standa lenge i landet; den vonde valdsmannen skal han jaga med slag på slag.
13Eg veit at Herren skal greida saki for armingen og hjelpa dei fatige so dei fær rett.Sal 9,19
14Ja, dei rettferdige skal prisa ditt namn, dei ærlege skal bu for di åsyn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.