1Salomo, son åt David, vart ein mektig konge; Herren hans Gud var med han og gjorde han ovleg stor.1 Kong 2,12.46; 1 Krøn 29,25
2Salomo stemnde til seg heile Israel: hovudsmennene yver tusund og yver hundrad mann, domarane og alle hovdingane - ættehovdingane -
3og drog so med heile møtelyden til offerhaugen i Gibeon; for der stod Guds møtetjeld, som Moses, Herrens tenar, hadde reist i øydemarki.1 Krøn 21,29; 1 Kong 3,4; 2 Mos 26,1-37; 40,2
4Rett nok hadde David flutt Guds kista upp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde laga til åt henne; for han hadde reist ei tjeldbu åt henne i Jerusalem.1 Krøn 13,6; 15,1
5Men koparaltaret som Besalel, son åt Uri Hursson, hadde gjort, stod der framanfor Herrens tabernakel, og Salomo og dei han hadde kalla i hop, søkte dit.2 Mos 38,1
6Og der, på koparaltaret som høyrde til møtetjeldet, bar Salomo fram offer for Herren åsyn - tusund brennoffer ofra han på det.
7Same natti synte Gud seg for Salomo og sa til han: Seg kva du vil eg skal gjeva deg!1 Kong 3,5-15
8Salomo svara: Du hev vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.
9So lat det no, Herre Gud, sannast det som du sa til David, far min! For du hev gjort meg til konge yver eit folk som er likt dusti i mengd.1 Mos 13,16
10Gjev meg no visdom og kunnskap, so eg kann vera leidar og førar for dette folket! For kven kunde elles døma dette folket ditt som er so stort?
11Då sa Gud til Salomo: Etter di det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad um rikdom og eigneluter og æra, eller at fiendane dine måtte døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men berre at du måtte få slik visdom og kunnskap at du kann døma folket mitt, som eg hev gjort deg til konge yver,1 Kong 3,11
12so skal du få den visdom og kunnskap du bad um, og rikdom og eigneluter og æra vil eg gjeva deg, so dei kongane som var til fyre deg, ikkje hev ått maken, og ingen etter deg kjem til å eiga maken.Matt 6,33; Ef 3,20
13Sidan for Salomo frå offerhaugen i Gibeon, frå møtetjeld-staden, heim til Jerusalem og tok styret yver Israel.
14Salomo la seg til mange stridsvogner og hestfolk; han hadde fjortan hundrad stridsvogner og tolv tusund hestfolk; av dei let han sume vera i vognbyane, og sume hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.1 Kong 10,26-29
15Kongen gjorde sylvet og gullet i Jerusalem likso vanleg som stein, og sedertre like vanleg som morbærtrei i låglandet.2 Krøn 9,27
16Hestane sine fekk Salomo frå Egyptarland; nokre kjøpmenner som kongen sende av stad, henta ein flokk for ein fastsett pris.
17Kvar vogn som dei førde heim frå Egyptarland, kom på seks hundrad sylvsekel og kvar hest hundrad og femti. Sameleis henta dei og vogner og hestar derifrå åt alle hetitarkongane og åt kongane i Syria.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.