Romarane 11 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Men Guds vegar endar ikkje med at Israel vert burtstøytt. Alt no er det sume av Israel og som høyrer Herren til ved trui på Kristus, medan størsteparten av folket hev vorte forherda, 1-10, og denne forherdingi er ikkje Guds endemål med Israel, men siktar på å gjeva heidningane lut i Guds rike; og når so Guds folk ser det, skal det vekkja dei til ihuge, 11-15; difor må ikkje dei heidningkristne sjå ned på Israel, som um dette Guds utvalde folk no var burtstøytt for alltid, 16-24. For det kjem ei tid då Israel skal venda um til trui på Kristus, so Gud kann få syna si miskunn mot folket sitt, 25-32. Paulus lovar Guds visdom, som syner seg i denne styringi hans, 33-36.

1So spør eg no: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå! Eg er då og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help