1. Samuelsbok 15 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Samuel byd Saul rydja ut amalekitane og øyda alt det dei eig, 1-3. Saul tek på dei og vinn yver dei, men sparer Agag, kongen, og det beste av feet, 4-9. Herren vert harm på Saul, og Samuel talar til han um syndi hans; Saul freistar å orsaka seg, men fåfengt, 10-23. Han segjer at han synda av di han var redd folket, og bed Samuel vera med han attende, so vil han tilbeda Herren; Samuel varslar at riket skal takast frå Saul, men fylgjer han like vel attende; Saul tilbed Herren, 24-31. Samuel drep Agag og vil ikkje sjå Saul meir, 32-35.

1Ein dag sa Samuel til Saul: Du veit det var meg Herren sende so eg skulde salva deg til konge yver folket hans, yver Israel; so lyd no Herrens ord!1 Sam 10,1

2So segjer Herren, allhers Gud: Eg vil heimsøkja Amalek for det han gjorde mot Israel, at han la mein i vegen for dei då dei drog upp frå Egyptarland.2 Mos 17,8-16; 4 Mos 24,20; 5 Mos 25,17-19

3Drag no ut og slå Amalek, og bannstøyt alt det han hev! Du skal ikkje spara han, men slå i hel både menn og kvinnor, både sogborn og større born, både uksar og sauer, både kamelar og asen.Jos 6,17.21

4So baud Saul ut herfolket og mynstra dei i Tela'im; det var tvo hundrad tusund mann fotfolk og ti tusund mann frå Juda.

5Då Saul kom til Amalekbyen, la han folk i løynlega i dalen.

6Og til kenitane sa han: Drag burt, skil lag med amalekitane og far nedetter! Elles kunde eg koma til å øyde dykk i hop med dei - og de var då so snilde mot alle Israels-borni då dei drog upp frå Egyptarland. Då skilde kenitane lag med Amalek-folket.

7Saul slo amalekitane og elte dei alt ifrå Havila til burtimot Sur, som ligg beint i aust for Egyptarland.1 Mos 25,18

8Han tok Agag, Amalek-kongen, levande, og alt folket bannstøytte han og hogg dei ned med kvasse sverdet.

9Men Saul og herfolket hans sparde Agag og det beste og det næstbeste av småfeet og storfeet og lambi - alt som var vent - og vilde ikkje bannstøyta det; men alt bufe som var ringt og utriveleg, det bannstøytte dei.3 Mos 27,28-29

10Då kom Herrens ord til Samuel, og det lydde so:

11Eg angrar at eg gjorde Saul til konge; for han hev vendt seg burt frå meg og ikkje halde seg etter mine ord. Då vart Samuel harm, og han ropa til Herren heile natti.

12Morgonen etter var Samuel tidleg uppe og tok ut og vilde fara til møtes med Saul. Han fekk spurt at Saul var komen til Karmel og hadde reist seg eit minnesmerke der; so hadde han snutt og fare nedetter til Gilgal.

13Då Samuel kom dit han var, sa Saul til han: Velsigna vere du av Herren! Eg hev halde meg etter Herrens ord.

14Men Samuel sa: Kva er det då for bræking som læt for øyro mine, og kva er det for rauting eg høyrer?

15Saul svara: Det er nokre krøter dei hev teke frå amalekitane og drive hit; folket sparde det beste både av småfeet og storfeet, av di dei vilde ofra det til Herren din Gud; men alt hitt hev me bannstøytt.

16Då sa Samuel til Saul: Haldt no upp, so skal eg segja deg kva Herren tala til meg i natt! Saul svara: Seg det!

17Då sa Samuel: Er det ikkje so at då du tyktest deg sjølv ring, vart du hovding yver Israels-ættene, og Herren salva deg til konge yver Israel.1 Sam 9,21; 10,21-24

18Sidan sende han deg i vegen og sa: Drag ut og bannstøyt desse syndarane, amalekitane, og strid mot dei til du fær gjort ende på dei!

19Kvifor lydde du då ikkje Herrens bod, men kasta deg yver herfanget og gjorde det som var Herren imot?

20Saul svara: Eg lydde Herrens bod og gjekk den vegen Herren sende meg; eg førde Agag, Amalek-kongen, hit og bannstøytte Amalek.

21Men folki mine tok noko småfe og storfe av herfanget, det gildaste av det som var bannstøytt, og vilde ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.

22Då sa Samuel: Trur du Herren hev hugnad i brennoffer og slaktoffer likso mykje som i lydnad mot Herren? Nei, lydnad er betre enn slaktoffer, ope øyra betre enn verefeitt;Hos 6,6; Matt 9,13; 12,7

23for trass er jamgodt med trolldoms-synd, einvisa er som avgudsdyrking. Av di du vanda Herrens ord, hev han vanda deg og vil ikkje at du skal vera konge lenger.1 Sam 16,1

24Saul sa: Eg hev synda; eg hev gjort imot Herrens bod og dine ord; men det var for di eg var redd folket og vilde fara etter dei.

25Kjære, tilgjev no syndi mi og ver med meg attende, so eg kann kasta meg på kne for Herren!

26Men Samuel svara: Eg vil ikkje vera med deg attende; av di du hev vanda Herrens ord, hev Herren vanda deg og vil ikkje at du skal vera konge yver Israel.

27Dermed snudde han seg og vilde ganga. Men Saul treiv i kappa hans, so ho rivna, og det gjekk eit stykke av henne.

28Då sa Samuel til han; Herren hev i dag rive kongedømet yver Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.1 Sam 28,17; 1 Kong 11,11

29Og Israels trufaste Gud lyg ikkje og angrar ikkje; for han er ikkje eit menneske, so han skulde angra.4 Mos 23,19; Hebr 6,18

30Saul svara: Visst hev eg synda; men kjære, syn meg no like vel den æra for augo åt styresmennene åt folket mitt og Israel at du er med meg attende! So vil eg kasta meg på kne for Herren din Gud.

31Då gjekk Samuel med han attende, og Saul kasta seg på kne for Herren.

32Sidan sa Samuel: Leid Agag, Amalek-kongen hit til meg! Fjåg steig Agag fram for han og sa: Visst er no daudens beiska kvorvi.

33Men Samuel sa: Liksom sverdet ditt hev gjort kvinnor barnlause, so skal no di mor verta barnlaus framum andre kvinnor. So hogg han Agag ned for Herren åsyn i Gilgal.

34Med so gjort gav Samuel seg på vegen til Rama, og Saul for heim att til Sauls Gibea.

35Sidan vilde Samuel ikkje sjå Saul meir so lenge han levde; for han syrgde yver Saul. Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge yver Israel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help