1Men det reiste seg eit stort skrik frå folket og konone deira mot brørne deira, dei andre jødane.
2Sume sa: Me og sønene og døtterne våre er mange; lat oss få korn, so me hev noko å eta og kann berga livet.
3Andre sa: Åkrane og vinhagane og husi våre lyt me setja i pant, lat oss få korn til å døyva svolten med!
4Og endå andre sa: Me hev lote låne pengar på åkrane og vinhagane våre, so me kunde greida skatten til kongen.
5Er me er då ikkje av same kjøt og blod som brørne våre? Er ikkje borni våre jamgode med deira born? Men endå lyt me lata sønene og døtterne våre verta trælbundne - sume av døtterne våre hev alt vorte det - og me hev ikkje makt til å hindra det; for åkrane og vinhagane våre hev kome i annan manns eige.
6Eg vart brennande harm då eg høyrde klageropi deira og desse ordi,
7og etter at eg hadde samrådt meg med meg sjølv, tala eg stormennene og forstandarane til rettes og sa til dei: So de krev renta av brørne dykkar de! So lyste eg til eit stort folkemøte mot dei,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.