1Og Herren tala til Moses og sa:
2So er dei fyresegnene de skal fylgja når ein som hev havt spillsykja, skal reinsast: Han skal førast fram for presten;
11Og presten som stend fyre reinsingi, skal føra den som vert reinsa, og alle offergåvone hans fram for Herrens åsyn, til møtetjelddøri.
12So skal presten taka det eine verlambet og oljen som høyrer til, ein log, og bera fram til skuldoffer og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
13Verlambet skal dei slakta på same staden som dei slaktar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden; for skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet; det er høgheilagt.3 Mos 7,6-10
14So skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans;
15og han skal taka noko av oljen og hella ut i den vinstre handi si
16og so duppa den høgre peikefingeren i oljen som han hev i vinstre handi, og skvetta med fingeren av oljen sju gonger for Herrens åsyn.
17Noko av den oljen som er att i handi hans, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet.
18Og det som endå er att av oljen som presten hev i handi, skal han hella på hovudet åt den som vert reinsa. Soleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn.
19So skal presten bera fram syndofferet og gjera soning for den som vert reinsa for ureinskapen sin, og sidan skal han slakta brennofferet.
20Når då presten hev bore fram brennofferet og matofferet på altaret, og fullført soningi for han, so er han rein att.
21Men er det ein fatig mann som ikkje hev råd til so mykje, so skal han taka eit verlamb til skuldoffer - det skal svingast att og fram til soning for han - og tiandeparten av ein efa fint mjøl, blanda med olje, til matoffer, og ein log med olje
22og so tvo turtelduvor eller duveungar, det som han hev råd til; den eine skal vera syndoffer og den andre brennoffer.3 Mos 5,7; 12,8
23Den åttande dagen etter han hev vorte rein, skal han bera offergåvone fram for Herrens åsyn, til møtetjelddøri, og gjeva dei til presten.
24Og presten skal taka skuldofferlambet og oljen og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
25Når skuldofferlambet er slakta, skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans.
26So skal han hella noko av oljen ut i den vinstre handi si
27og med den høgre peikefingeren skvetta sju gonger for Herrens åsyn av oljen som han hev i vinstre handi.
28Noko av den oljen som presten hev i vinstre handi, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet,
29og det som endå er att av oljen som presten hev i handi, skal han hella på hovudet åt den som vert reinsa, og gjera soning for han for Herrens åsyn.
30So skal han bera fram turtelduvone eller duveungane - det som han hev råd til -
31den eine til syndoffer, og den andre til brennoffer, og i hop med dei matofferet. Soleis skal presten gjera soning framfor Herrens åsyn for den som skal reinsast.
32Dette er dei fyresegnene de skal fylgja når ein som hev liti råd, skal reinsast etter spillsykja.
33Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
34Når de kjem inn i Kana'anslandet, som eg gjev dykk til eiga, og eg let det koma spillsykja på noko av husi i landet dykkar,
35so skal huseigaren koma og segja frå til presten at det hev synt seg flekker som likjest spillsykja på huset hans.
36Då skal presten setja dei til å rydja utor huset innan han sjølv kjem og skodar flekkene, so ikkje alt som er der, skal verta ureint, og so skal han koma og skoda huset.
37Ser han då at flekkene på husveggene ter seg som grønvorne eller raudvorne søkk, som synest liggja djupare enn veggflata,
38so skal han ganga ut or huset, til husdøri, og stengja huset og halda det læst i sju dagar.
39Den sjuande dagen skal presten koma att og sjå etter, og ser han då at flekkene hev ete um seg på husveggene,
40so skal han setja folk til å brjota ut dei steinane som flekkene hev synt seg på, og kasta det på ein urein stad utanfor byen.
41Dei skal skrapa huset innantil, rundt ikring, og leiret som dei hev skrapa av, skal dei og føra burt og kasta på ein urein stad utanfor byen.
42Og so skal dei taka andre steinar og setja inn i staden for dei gamle, og nytt leir skal dei taka og klina huset med.
43Bryt flekkene ut att på huset etter steinane er uttekne og huset er skrapa og klint,
44so skal presten koma og sjå etter, og ser han då at flekkene hev ete um seg, so er det stygg spillsykja på huset; det er ureint,
45og dei skal riva det ned, både steinane og timberet og alt leiret, og føra det ut or byen, til ein urein stad.
46Den som gjeng inn i huset dei dagane det er attlæst, han skal vera urein alt til kvelds.
47Den som ligg i huset, skal två klædi sine, og det same skal den som et der.
48Ser presten, når han kjem og skodar huset, at flekkene ikkje hev ete um seg på det etter det vart klint, so skal han segja huset reint; for då er det vonde burte.
49So skal han til reinsingsoffer for huset taka tvo fuglar og noko sedertre og karmosinraud ull og isop.
50Den eine fuglen skal han slakta yver eit leirfat som er fyllt med kjelde- eller bekkevatn,
51og so skal han taka sedertreet og isopen og den karmosinraude ulli og den levande fuglen og duppa det i blodet av den fuglen som er slakta, og i kjeldevatnet og skvetta på huset sju gonger.
52Når han hev reinsa huset for synd med fugleblodet og kjeldevatnet og den levande fuglen og sedertreet og isopen og den karmosinraude ulli,3 Mos 14,4
53so skal han sleppa den levande fuglen ut or byen og lata han fljuga. Soleis skal han gjera soning for huset, so det vert reint.
54So er fyresegnene um allslags spillsykja og um skurv
55og um spillsykja på klæde og hus
56og um notror og utbrot og ljose flekker på hudi,
57so de kann vita når noko er ureint, og når det er reint. Dette er lovi um spillsykja.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.