2. Kongebok 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Manasse vert konge; han er ovleg gudlaus, forfører folket til stor gudløysa og vyrder ikkje Herrens profetar og dei strenge trugsmåli frå Herren; han renner ut skuldlaust blod; han døyr, 1-18. Amon vert konge; han er likso gudlaus som far sin; han vert drepen av sine eigne menner, 19-26.

1Manasse var tolv år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i fem og femti år. Mor hans heitte Hefsiba.2 Krøn 33,1-10

2Han gjorde det som Herren mislika, og fylgde dei same avstyggelege skikkane som dei heidningfolki Herren hadde drive burt for Israels-borni.2 Kong 16,3

3Han bygde upp att offerhaugane som Esekias, far hans, hadde øydelagt, og reiste altar for Ba'al og gjorde eit Astarte-bilete, liksom Akab, Israels-kongen, hadde gjort, og han tilbad og dyrka heile himmelheren.1 Kong 16,32-33; 2 Kong 17,16

4Ja, han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: I Jerusalem vil eg lata namnet mitt bu.5 Mos 12,5

5For heile himmelheren bygde han altar i båe fyregardane til Herrens hus.2 Kong 23,12

6Han let son sin ganga gjenom elden og for med spåkunster og varseltyding og leigde folk som mana fram daudingar og spåvette; han gjorde mykje som Herren mislika, so han arga han upp.3 Mos 18,21; 20,2; 19,26

7Astarte-biletet som han hadde gjort, sette han upp i det huset som Herren hadde sagt det um til David og Salomo, son hans: I dette huset og i Jerusalem, som eg hev valt ut or alle Israels fylke, vil eg lata namnet mitt bu i all æva,1 Kong 8,29; 9,3

8og eg vil aldri meir lata Israel fara heimlaus burt frå det landet eg gav federne deira - so sant dei berre legg vinn på å gjera alt det eg hev sett dei fyre, etter heile den lovi som Moses, tenaren min, gav dei.

9Men dei vilde ikkje høyra, og Manasse forførde dei, so dei gjorde endå meir vondt enn dei heidningfolki som Herren hadde rudt ut for Israels-borni.

10Då let Herren profetane, tenarane sine, tala sovorne ord:

11For di Manasse, Juda-kongen, hev gjort so avstyggelege ting - ting som er verre enn alt det amoritane gjorde fyrr i tidi, og for di han hev lokka Juda og til synd med dei ufysne avgudane sine,Jer 15,4

12difor segjer Herren so, han som er Israels Gud: No vil eg føra slik ulukka yver Jerusalem og Juda at det skal ringja for båe øyro på alle som høyrer um det.1 Sam 3,11; Jer 19,3

13Eg vil spana same mælesnori yver Jerusalem som yver Samaria og nytta same vektloddet som mot Akabs hus. Eg vil turka burt Jerusalem, liksom ein turkar av eit fat og når ein hev turka det, kvelver det.2 Kong 17,6.23; 10,11.17

14Eg vil skuva ifrå meg leivningen av arvluten min og gjeva dei i hendene på fiendane deira, so dei vert til herfang og ran for alle fiendane sine,

15for di dei hev gjort det som er meg imot, og jamleg hev eggja meg til vreide frå den dagen då federne deira drog ut or Egyptarland, og til denne dag.

16Attåt den syndi Manasse gjorde med di han fekk Juda til å synda og gjera det som Herren mislika, let han det og renna skuldlaust blod - uhorveleg mykje, so han fyllte Jerusalem med blod frå ende til ende.2 Kong 24,4

17Det som meir er å segja um Manasse og alt det han gjorde, og syndi som han var saka i, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

18So for Manasse til federne sine og vart gravlagd i hagen som låg attmed huset hans, i hagen åt Ussa. Amon, son hans, vart konge etter han.

19Amon var tvo og tjuge år gamal då han tok styret, og han sat tvo år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Mesullemet; ho var dotter åt Harus og var frå Jotba.2 Krøn 33,21-25

20Han gjorde det som Herren mislika, liksom Manasse, far hans.2 Kong 21,2

21Han for i alle måtar like eins fram som far hans hadde gjort, og dyrka dei ufysne avgudane som far hans hadde dyrka, og tilbad dei.

22Han vende seg frå Herren, sin fedre-Gud, og for ikkje fram etter Herrens veg.

23Amons menner svor seg saman mot han og slo i hel kongen i hans eige hus.2 Kong 12,20; 14,19; 15,10

24Men landslyden hogg ned alle dei som hadde svore seg saman mot kong Amon, og so tok dei Josias, son hans, til konge i staden hans.

25Det som meir er å segja um Amon, det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.

26Dei sette han ned i gravi hans i hagen åt Ussa. Josias, son hans, vart konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help