1Det er då so at sylvet hev si gruva, sin finningstad hev gullet, som dei reinsar;
2jarn hentar dei or jordi fram, og stein vert smelta um til kopar.
3Myrkret gjer dei ende på og granskar til dei inste krokar steinen som ligg i svarte myrkret;
4dei bryt ei sjakt langt undan by og grend; dei ferdast gløymde der, djupt under manneføter; der heng og sviv dei langt frå folk.
5Upp or jordi kjem det brødkorn; men inni, der vert allting umvelt som av eld.
6Der held safiren til i steinen, gullklumpar finn ein ogso der,
7Stigen dit ned, den kjenner ingen rovfugl, og inkje falkeauga såg han;
8aldri steig stolte rovdyr på han, og ingi løva skreid fram der.
9På harde steinen legg dei handi, dei velter heile fjell frå grunnen av.
10I berget sprengjer dei seg gangar, og allslags gilde skattar fær dei sjå.
11Dei dytter til for dropet frå vassåror og hentar løynde skattar fram i ljoset.
12Men visdomen - kvar finst vel han? Og kvar hev vitet vel sin bustad?
13Slett ingen veit kor mykje han er verd, han finst ikkje i landet åt dei levande.
14Djupet segjer: Han er ikkje her, og havet segjer: Ikkje her hjå meg.
15Du kann 'kje kjøpa han for dyre gullet og ikkje vega prisen upp med sylv.
16Du veg han ikkje upp med Ofir-gull, med dyr onyks eller safir.
17Gull og glas kann ikkje liknast med han, og ikkje kann ein byta seg han til for fingull-staup.
18Korallar og krystall kann ikkje ein gong nemnast, og det å eiga visdom er meir verdt enn perlor.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.