Salmane 29 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David kallar englane til å prisa den makt og herlegdom som Herren syner i toreveret, 1-9. I denne Herrens herlegdom ser han eit trygt pant på at han, allmektig konge som han er, vil vakta og velsigna sitt eige folk, 10.11.

1Ein salme av David. / Gjev Herren, de Guds søner, gjev Herren æra og makt!Sal 96,7; 103,20-21; Jes 6,2-3

2Gjev Herren hans namns æra, tilbed Herren i heilag prydnad!

3Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatni.Job 37,2-5

4Herrens røyst ljodar med velde, Herrens røyst med herlegdom.Jes 30,30

5Herrens røyst bryt sund sedertre, Herren bryt sund sedertrei på Libanon,

6og han fær dei til å hoppa som ein kalv, Libanon og Sirjon som ein ung villukse.

7Herrens røyst slengjer ut kløyvde eldslogar.

8Herrens røyst fær øydemarki til å skjelva, Herren fær Kadesøydemarki til å skjelva.5 Mos 1,19

9Herrens røyst får hindane til å kalva og snøyder skogane, og i hans tempel segjer alt: Æra!Sal 11,4

10Herren sat på kongsstolen i storflod-tidi, og Herren sit konge til æveleg tid.1 Mos 6,17

11Herren skal gjeva sitt folk styrke, Herren skal velsigna sitt folk med fred.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help