1Og Herren tala til Moses og sa:
2Henta no Aron og sønene hans og tak dei heilage klædi og salvingsoljen og syndofferuksen og båe verane og korgi med det usyrte brødet,2 Mos 29,1-3
3og kalla so heile lyden saman framfor døri åt møtetjeldet!
4Og Moses gjorde som Herren sa, og lyden samla seg framfor møtetjelddøri.
5Då sa Moses til dei: Sjå no kva Herren hev sagt eg skal gjera!
6So kalla Moses til seg Aron og sønene hans og tvo dei med vatn,2 Mos 29,4-9
7og han hadde underkjolen på Aron og spente beltet um han og klædde han i prestekjolen og hengde messehakelen på han og batt um han beltet som høyrde til, og med det snørde han messehakelen fast.
8So hadde han bringeduken på han, og i bringeduken la han urim og tummim.2 Mos 28,30
9Og han sette huva på hovudet hans, og framme på huva sette han gullspongi, det heilage hovudgullet, alt soleis Herren hadde sagt Moses fyre.2 Mos 28,36-39
10So tok Moses salvingsoljen og salva tabernaklet og alt som i det var, og helga det,2 Mos 30,25-37
11og han skvette sju gonger på altaret av oljen og salva altaret og alle dei ting som høyrde til det, og tvåttebalja med foten ho stod på, og helga dei.
12Og noko av salvingsoljen helte han yver hovudet på Aron og salva og helga han.2 Mos 29,7
13Sidan kalla han til seg sønene hans Aron og klædde dei i underkjolar og spente belte um dei og batt hovudplagg på dei, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.2 Mos 29,8-9
14So leidde han fram syndofferuksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt uksen.2 Mos 29,10-11
15Og då dei hadde slakta han, tok Moses blodet og strauk rundt ikring på altarhorni med fingeren og reinsa altaret for synd, og det som var att av blodet, helte han ut innmed altarfoten. Soleis gjorde han soning for altaret og helga det.2 Mos 29,12.36-37
16So tok han alt feittet som var på innvolen, og den store levreflaga og båe nyro med talgi på og brende det på altaret.
17Men sjølve uksen, både hudi og kjøtet og møki, brende han i elden utanfor lægret, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.2 Mos 29,14
18So leidde han fram brennofferveren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren.2 Mos 29,15-18
19Og då dei hadde slakta han, skvette Moses blodet rundt ikring på altaret.
20Men sjølve veren lema dei sund, og Moses brende hovudet og kjøtet og feittet;
21innvolen og føtene tvo dei fyrst i vatn, og so brende Moses heile veren på altaret. Det vart eit brennoffer som anga godt, eit eldoffer for Herren var det, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
22So leidde han fram den andre veren, vigsle-veren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet åt veren.2 Mos 29,19-29
23Og då dei hadde slakta han, tok Moses noko av blodet og strauk på den høgre øyresnippen åt Aron og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans.
24So kalla han til seg sønene hans Aron og strauk noko av blodet på høgre øyresnippen og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi deira, og det som var att av blodet, skvette han rundt ikring på altaret.
25Og han tok feittet, både spælen, alt feittet som var på innvolen, og den store levreflaga og båe nyro med talgi på og so det høgre låret.
26Og or usyrdebrød-korgi som stod framfor Herrens åsyn, tok han ei hellekake og eit oljebrød og ein tunnbrødleiv og la uppå på feittet og verlåret.
27Og so la han alt saman i hendene på Aron og sønene hans og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
28Sidan tok Moses det utor hendene deira og brende det på altaret saman med brennofferet; det var eit vigsleoffer som gav god ange, eit eldoffer for Herren var det.
29Og Moses tok bringestykket og svinga det att og fram for Herrens åsyn; det var den luten Moses fekk av vigsle-veren, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
30So tok Moses av salvingsoljen og noko av blodet som stod på altaret, og skvette på Aron og klædi hans og på sønene hans og klædi deira; soleis helga han Aron og klædi hans og sameleis sønene hans og klædi deira.2 Mos 29,21
31Og Moses sa til Aron og sønene hans: De skal koka kjøtet innmed døri åt møtetjeldet og eta det attåt brødet som er i vigsleofferkorgi, soleis som eg hev sagt: Aron og sønene hans skal eta det.2 Mos 29,32
32Men det som vert att av kjøtet og brødet, skal de brenna i elden.
33Og so lyt de i sju dagar halda dykk innmed møtetjelddøri, alt til den dagen då vigsletidi dykkar er ute; for sju dagar skal prestevigsla vara.2 Mos 29,35
34Som de hev gjort i dag, so skal de gjera dei hine dagane og, so de fær gjort soning for dykk, segjer Herren.
35Og innmed møtetjelddøri skal de vera dag og natt i sju jamdøger og halda dykk etter det som Herren hev sagt, so de ikkje skal missa livet; for so hev Herren sagt meg fyre.
36Og Aron og sønene hans gjorde alt det som Herren hadde late Moses segja til dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.