Romarane 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Paulus helsar kyrkjelyden i Rom, 1-7. Han vitnar at han stundar sterkt etter å læra å kjenna denne kyrkjelyden, og at han stødt hev i tankar å vitja Rom for å forkynna evangeliet der og, 8-15, det som er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, 16.17. Ei slik Guds kraft til frelsa treng heidningane; for di dei held sanningi nede i urettferd og hev kasta frå seg kunnskapen um Gud, ligg dei under Guds vreide, og han gjeve dei yver til allslags last og skam, 18-32.

1Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utkåra til å forkynna Guds evangelium,Apg 9,15; Gal 1,15

2som han fyreåt hadde lova gjenom profetane sine i heilage skrifter,Jes 40,1-2.9

3evangeliet um Son hans, som etter kjøtet er komen av Davids ætt,2 Sam 7,12-16; Jes 11,1; Matt 1,1; 2 Tim 2,8

4men etter heilagdoms ånd er Guds veldige Son, som prova vart med di han stod upp frå dei daude, Jesus Kristus, vår Herre,Apg 13,32-33; 17,31; Hebr 1,5; 5,5

5han som me fekk nåde ved og apostel-embete, so me skulde verka lydnad i tru millom alle heidningfolki til æra for hans namnApg 6,7; Rom 10,16

6- millom dei er de og kalla til Jesus Kristus -

7til alle Guds kjære i Rom, dei som er kalla og heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!1 Kor 1,2-3; Ef 1,1; 2 Kor 1,2

8Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, av di trui dykkar er namngjeti i heile verdi.Rom 16,19; 1 Tess 1,8

9For Gud, som eg tener i mi ånd i hans Sons evangelium, han er mitt vitne kor uavlatande eg kjem dykk i hug.2 Kor 1,23; Ef 1,15-16; 2 Tim 1,3

10I bønene mine bed eg alltid um at eg då endeleg ein gong, um Gud so vil, må få lukka til å koma til dykk.1 Tess 3,10

11For eg stundar etter å sjå dykk, so eg kunde lata dykk få med i eikor åndeleg nådegåva, og de soleis kunde styrkjast,Rom 15,23.29

12eg meiner: so eg hjå dykk kunde kveikjast saman med dykk ved vår sams tru, dykkar og mi.

13Og eg vil ikkje de skal vera uvitande um, brør, at eg ofte hev sett meg fyre å vitja dykk - men til dessa hev eg vorte hindra - so eg kunde hausta noko frukt hjå dykk og, liksom hjå hine heidningfolki.Rom 15,22-23

14Eg stend i skuld både til både grekarar og barbararar, både til lærde og ulærde.1 Kor 9,16

15Difor er eg, so vidt det stend på meg, viljug til å forkynna evangeliet for dykk i Rom og.Apg 28,31

16For eg skjemmest ikkje ved evangeliet; det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grekar;Sal 119,46; 2 Tim 1,8; 1 Kor 1,18; 15,2

17for i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: Den rettferdige, ved tru skal han leva.Hab 2,4; Gal 3,11; Joh 3,36; Hebr 10,38

18For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferd hjå menneske som held sanningi nede i urettferd.

19For det som ein kann vita um Gud, ligg ope for dei; Gud hev sjølv openberra dei det.Apg 14,15-17; 17,24-34

20For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og hans guddom, hev vore synleg alt i frå verdi vart skapt, med di ein kann skyna han av gjerningane - so dei hev ikkje noko å orsaka seg medJob 12,7-9; Sal 19,2

21for di dei, endå dei kjende Gud, ikkje æra eller takka han som Gud, men vart dårlege i tankane sine, og det uvituge hjarta deira formyrktest.Ef 4,17-32

22Medan dei briska seg med at dei var vise, vart dei dårar,1 Kor 1,20

23og bytte den uforgjengelege Guds herlegdom i eit bilete, ei etterlikning av eit forgjengeleg menneske og fuglar og firføtte dyr og krek.5 Mos 4,15-19; Jes 40,18-26

24Difor gav Gud dei i deira hjartans lyster yver til ureinskap, so dei skjemde lekamane sine seg imillom,Sal 81,13

25dei som bytte burt Guds sanning i lygn, og æra og dyrka skapningen i staden for skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen.

26Difor gav Gud dei yver til skammelege lyster: både forvende kvinnone deira det naturlege umgjenget til eit som var imot naturi,

27og like eins gjekk mennene og burt frå det naturlege umgjenget med kvinna og tok til å brenna av gir etter kvarandre, so menn dreiv skjemdarverk med menn, og fekk på seg sjølve den løni dei var verde å få for villferdi si.3 Mos 18,22; 20,13; 1 Kor 6,9

28Og som dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud dei yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde slikt som ikkje sømer seg:

29dei var fulle av allslags urettferd, vanart, vinnesykja, vondskap; dei var fulle av ovund, mord, tretta, svik, list;

30dei var øyretutarar, baktalarar, folk som Gud styggjest ved, valdsmenn, ovmodige, storskrøytarar, snare til å finna på vondt, ulydige mot foreldre,

31uvituge, usætande, ukjærlege, hardhjarta,

32slike som vel kjenner Guds dom at dei som fer med sovore, er verde å døy, og like vel ikkje berre gjer det, men endå til held med dei som fer med det.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help