Job 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Den krenkjande skrapa som Job hev gjeve venene sine, nøyder Sofar til å tala, 1-3. Han minner Job um den gamle røynsla at lukka åt den ugudlege varer stutt, 4.5. Um han stig aldri so høgt, gjeng han like vel til grunns og vert burte, so det ikkje syner merke etter han; han let borni sine etter seg i armod og vert lagd i gravi midt i si fulle ungdomskraft, 6-11. Um det vonde smakar han aldri so søtt, og han difor freistar å njota det so lenge som råd er, vert det like vel ei drepande gift for han; han som var so hæken at han aldri fekk nok, lyt gjeva att alt det godset han hev vunne med si harde framferd mot fatigfolk; midt i hans rikdom kjem det trengsla yver han; Gud forfylgjer han i sin vreide, og han slepp ikkje undan den tyningi som Gud fører yver han og alt som hans er, 12-29.
1Då tok Sofar frå Na'ama til ords og sa:
2Difor legg mine tankar svaret i min munn, og difor stormar det i meg;
3ei skamleg skrapa lyt eg høyra, og åndi i meg gjev meg svar ut frå mitt skyn.
4Veit du då ikkje det hev vore slik frå ævords tid, frå den tid menneskja vart sett på jordi:
5stutt varer jubelen åt dei ugudlege, og gleda åt den gudlause ein augneblink?
6Um so hans byrgskap stig til himmels, og når hans hovud upp i skyi,
29Slik lut fær gudlaus mann av Gud, slik arv er etla han av den Allmektige.