Sakarja 14 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren skal lata alle folki slå seg saman mot Jerusalem; dei skal hertaka og herja byen og føra helvti av byfolket burt, 1-2. So skal Herren draga ut mot sitt folks fiendar og frelsa den andre helvti av det og sidan koma med dei heilage englane sine og fullenda sitt rike på jordi, 3-5. Etter at det fyrst hev vore myrker, skal frelseljoset renna når ein minst ventar det, 6-7; frå Jerusalem skal ein straum av signing breida seg yver heile landet, 8-11; fiendane, som hev gjenge mot byen, skal verta tynte på alle måtar, 12-15; dei som vert att av dei, skal verta lemer av hans rike og koma til Jerusalem og tilbeda Herren; dei som ikkje gjer dette, fær ikkje hans signing, 16-19; all skilnad millom heilag og vanheilag og all blanding av gudlege og ugudlege skal taka slutt; alt skal vera heilagt, 20-21.

1Sjå, det kjem ein Herrens dag, då det herfanget dei hev teke frå deg, skal skiftast ut inne i deg;

6På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; dei herlege himmel-ljosi skal myrkna.

11Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir; Jerusalem skal liggja der trygt.

16Og alle dei som vert att av alle heidningfolki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og tilbeda Kongen, Herren, allhers Gud, og høgtida lauvhyttehelgi.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help