1Som no Esras låg gråtande på marki framfor Guds hus og bad og skrifta, samla det seg kring han ein ovstor flokk av Israels-lyden, både karar og kvinnor og born; for folket gret og sårt.
2Og Sekanja Jehielsson, ein av Olams-sønene, tok til ords og sa til Esra: Me hev fare svikfullt åt mot vår Gud og ført framande kvinnor heim - kvinnor som høyrer til dei andre folki her i landet; men endå finst det ei von for Israel i denne saki.
3So lat oss no gjera ei pakt med vår Gud at me skal senda frå oss alle desse kvinnone og borni som dei hev fenge, soleis som Herren vil det og dei mennene som hev age for bodet frå vår Gud, og lat oss fara fram etter lovi!
4Ris upp! For det er du som lyt syta for dette, og me skal hjelpa deg; ver hugheil og set det i verk!
5Då reis Esras upp og bad dei øvste prestane og levitane og hovdingane for heile Israel gjera eiden på at dei skulde fara åt som sagt var; og dei gjorde eiden på det.
6So gjekk Esras burt frå tunet framfyr Guds hus og inn i kammerset åt Johanan Eljasibsson. Og då han var komen dit, var han ikkje god til å eta eller drikke, av di han syrgde so yver utruskapen åt dei heimkomne.
7Sidan lot dei ropa ut i Judea og Jerusalem millom alle heimkomarane at dei skulde samlast i Jerusalem;
8og var det nokon som ikkje kom innan tri dagar - det var den tidi hovdingane og styringsmennene hadde sett - so skulde alt godset hans verta bannlyst, og sjølv skulde han verta utskild or heimkomar-lyden.
9Alle Juda- og Benjamins-mennene samla seg no innan tridje dagen - det var tjugande dagen i niande månaden - og alt folket sat på torget attmed Guds hus og skalv både for den saki som var på tale, og for regnbyone skuld.
10Då reis Esras, presten, upp og sa til dei: De hev fare svikfullt åt og ført heim framande kvinnor; soleis hev de auka Israels skuld.Esra 9,1-2
11So skrifta no for Herren, Gud åt federne dykkar, og gjer som han vil! Skil dykk frå dei andre folki som held til her i landet, og frå dei framande kvinnor!
12Og heile lyden svara med høg røyst: Det er vår skyldnad å gjera soleis som du hev sagt.
13Men folket er mangment, og no er det regntidi; me orkar ikkje å standa her ute, og dette er eit arbeid som ikkje kann greidast på ein dag eller tvo; for det er mange av oss som hev synda i dette stykket.
14Hovdingane våre må gjera vel å stiga i staden åt heile folket, og alle som eig heime i byane våre, og som hev ført heim framande kvinnor, må møta fram til fastsette tider saman med styresmennene og domarane i kvar by, til dess me fær vendt ifrå oss vår Guds vreide, som logar imot oss so lenge denne saki stend på.
15Det var berre Jonatan Asaelsson og Jahseja Tikvason som sette seg imot dette, og Mesullam og leviten Sabbetai heldt med dei.
16Dei heimkomne gjorde som sagt var, og valde Esras og nokre menner som var hovdingar for kvar si ættgrein, og som alle vart nemnde på namn; dei kom saman den fyrste dagen i den tiande månaden til å granska saki,
17og innan fyrste dagen i fyrste månaden kunde dei gjeva full greida på alt som var å segja um dei mennene som hadde gift seg med framande kvinnor.
18Millom prestesønene fanst det nokre som hadde gift seg med framande kvinnor; det var: av sønene og brørne åt Josva Josadaksson: Ma'aseja og Elieser og Jarib og Gedalja;
19dei gav handi på at dei skulde senda frå seg konone sine og ofra ein ver av flokken til skuldoffer for den skuldi dei hadde drege på seg;
20av Immers-sønene var det Hanani og Sebadja;
21av Harims-sønene Ma'aseja og Elias og Semaja og Jehiel og Ussia;
22av Pashur-sønene Eljoenai, Ma'aseja, Ismael, Netanel, Josabad og Elasa.
23Av levitane var det Josabad og Sime'i og Kelaja - det er den same som Kelita - Petaja, Juda og Elieser;
24av songarane Eljasib; av dørvaktarane Sallum og Telem og Uri.
25Av hitt Israels-folket var det: av Paros-sønene Ramja og Jissija og Malkija og Mijamin og Eleasar og Malkija og Benaja;
26av Elams-sønene Mattanja og Sakarja og Jehiel og Abdi og Jeremot og Elia;
27av Sattu-sønene Eljoenai, Eljasib, Mattanja og Jeremot og Sabad og Asisa;
28av Bebai-sønene Johanan, Hananja, Sabbai, Atlai;
29av Bani-sønene Mesullam, Malluk og Adaja, Jasub og Seal og Jeremot;
30av Pahat-Moabs-sønene Adna og Kelal, Benaja, Ma'aseja, Mattanja, Besalel og Binnui og Manasse;
31og so Harims-sønene: Elieser, Jissija, Malkija, Semaja, Simeon,
32Benjamin, Malluk og Semarja;
33av Hasums-sønene Mattenai, Mattatta, Sabad, Elifelet, Jeremai, Manasse og Sime'i;
34av Bani-sønene Ma'adai, Amram og Uel,
35Benaja, Bedeja, Keluhi,
36Vanja, Meremot, Eljasib,
37Mattanja, Mattenai og Ja'asu
38og Bani og Binnui, Sime'i,
39og Selemja og Natan og Adaja,
40Maknadbai, Sasai, Sarai,
41Asarel og Selemja, Semarja,
42Sallum, Amarja, Josef;
43av Nebo-sønene: Je'iel, Mattitja, Sabad, Sebina, Jaddu, Joel og Benaja.
44Alle desse hadde gift seg med framande kvinnor, og millom dei var det sume som hadde fenge born.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.