Johannes' openberring 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Ein engel kjem ned frå himmelen med ei liti bok; dei sju toredunane talar, men Johannes fær ikkje lov til å skriva det, 1-4. Engelen sver at Guds domar skal setjast i verk når den sjuande engelen blæs i basunen, 5-7. Johannes fær det bodet at han skal eta boki som engelen hev i handi, og spå, 8-11.
1Og eg såg ein annan veldig engel stiga ned frå himmelen, sveipt i ei sky, og regnbogen var yver hovudet hans, og hans åsyn var som soli, og føtene hans som eldstolpar.