2. Samuelsbok 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Seba gjer uppreist mot David; David segjer til Amasa at han skal stemna i hop Judamennene, 1-5. Amasa drygjer for lenge, og so sender David Abisai til å setja etter Seba; Amasa møter Joab, som drep han, 6-12. Joab elter Seba alt til Abel; der er det ei klok kona, som fær Joab til å stogga åtaket på byen og lagar det so at Seba vert drepen, 13-22. Dei høgste embetsmennene åt David vert upprekna, 23-26.

1Men det høvde seg so at det var eit illmenne der som heitte Seba Bikrison og høyrde til Benjamins-ætti. Han bles i luren og ropa: Me hev ingen deil i David og ingen lut i Isai-sonen! Heim att kvar til seg, Israel!

16Då var det ei klok kona som ropa frå byen: Høyr her! Høyr her! Bed Joab koma næmare, so eg fær tala med han.

20Joab svara: Nei då, nei då! Eg vil på ingen måte øyda eller tyna.

21Det hev seg ikkje so. Men ein mann frå Efra'imsheidi - Seba Bikrison heiter han - hev lyft handi si mot kong David. Lat meg berre få han, so skal eg draga burt frå byen. Då sa kona: Du skal få sjå korleis hovudet hans vert kasta ut til deg yver muren.

22So gjekk kona med si kloke råd til byfolket, og dei hogg hovudet av Seba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i luren, og dei drog burt frå byen og spreidde seg utyver; kvar for til sin heim. Sjølv for Joab attende til Jerusalem, til kongen.

23Joab var hovding yver heile Israels-heren, og Benaja Jojadason var hovding yver livvakti;

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help