1Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo, det som gjekk um han for Herrens namn skuld, kom ho og vilde prøva han med gåtor.2 Krøn 9,1-12; Matt 12,42; Luk 11,31
2Ho kom til Jerusalem med eit drusteleg fylgje, og førde med seg på kamelar kryddor og ei ovmengd med gull og dyre steinar. Ho steig inn hjå Salomo og tala med han um alt som låg henne på hjarta.
3Og Salomo tydde alle gåtone hennar; det var ikkje eit einaste ord av det ho sa, som var duld for kongen, so han ikkje kunde tyda det.
4No såg ho det sjølv, Saba-dronningi, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt,
5rettene på bordet hans, hirdmennene hans der dei sat, og bordsveinen som stod kringum, og klædnaden deira, og skjenkjarsveinane, og den troppi han gjekk upp etter til Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring
6og sa til kongen: So var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt um deg og visdomen din!
7Eg vilde ikkje tru det dei fortalde, fyrr eg kom og fekk sjå det med eigne augo; men no ser eg at dei ikkje hev fortalt meg det halve - din visdom og rikdom gjeng yver alt det eg hev høyrt um deg.
8Sæle er mennene dine, sæle er desse tenarane dine som allstødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din!
9Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på Israels kongsstol. Det er av di Herren i all æva hev Israel kjær, at han sette deg til konge, so du skulde fremja rett og rettferd.1 Kong 5,7; 2 Krøn 2,11
10So gav ho kongen hundrad og tjuge talent gull og ei stor mengd med kryddor og dyre steinar; det hev aldri sidan kome slik ei mengd med kryddor til landet som det Saba-dronningi gav kong Salomo.
11Elles hadde no og Hiram-skipi, som henta gull frå Ofir, ovmykje sandeltre og dyre steinar med seg derifrå.1 Kong 9,27-28
12Av sandeltreet fekk kongen gjort handrev til Herrens hus og kongshuset og citarar og harpor til songarane. Det hev aldri sidan kome so mykje sandeltre til landet eller vorte set her.
13Kong Salomo gav Saba-dronningi alt det ho hadde hug på og bad um, umfram dei gåvone som det sømde seg for so mektig ein konge å gjeva henne. So tok ho av stad og for heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
14Det gullet som kom inn til Salomo år um anna, vog seks hundrad og seks og seksti talent,
15umfram avgifti frå kjøpmennene og av kræmarhandelen og frå alle kongane i Arabia og frå landshovdingane.
16Kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av hamra gull - det gjekk seks hundrad sekel gull med til kvart skjold -2 Krøn 9,15-21
17og tri hundrad små skjoldar, som og var av hamra gull; til kvar av dei gjekk det med tri minor gull. Alle desse skjoldane sette han i Libanonskoghuset.1 Kong 7,2
18Kongen let og gjera ein stor kongsstol av flisbein og klædde han med skirt gull.
19Kongsstolen hadde seks troppesteg og ein rund topp attantil. På båe sidor av sætet var det stolarmar, og innmed stolarmane stod tvo løvor.
20På dei seks troppestegi stod det og løver på båe sidone, tolv i talet. Maken til kongsstol hev aldri vore gjord i noko anna kongerike.
21Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle husgognene i Libanonskoghuset var og av fint gull. Ingen ting var av sylv; sylvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
22For kongen hadde Tarsis-skip som for på havet saman med skipi hans Hiram; ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi heim, ladde med gull og sylv og filsbein og apor og påfuglar.1 Kong 9,27-28
23Kong Salomo gjekk framum alle andre kongar på jordi i rikdom og visdom.2 Krøn 1,1; Fork 2,9
24Frå alle verdsens kantar kom dei og vilde sjå han og høyra visdomen som Gud hadde lagt i hjarta hans.1 Kong 4,34
25Og alle kom dei med gåvor: sylv og gull og klædebunader og våpen og krydder og hestar og muldyr; so gjorde dei år etter år.
26Salomo la seg til mange stridsvogner og hestfolk; han hadde fjortan hundrad stridsvogner og tolv tusund hestfolk; av dei la han sume i vognbyane, og sume hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.2 Krøn 1,14-17; 9,25; 1 Kong 4,26
27Kongen gjorde sylvet i Jerusalem likso vanleg som stein, og sedertre likso vanleg som morbærtrei låglandet.2 Krøn 9,27-31
28Hestane sine fekk Salomo frå Egyptarland; nokre kjøpmenner som kongen sende av stad, henta tid på tid ein flokk til ein fastsett pris.
29Kvar vogn som vart førd heim frå Egyptarland, kom på seks hundrad sylvsekel, og kvar hest på hundrad og femti. Sameleis henta dei vogner og hestar der åt alle hetitarkongane og åt kongane i Syria.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.