Salmane 123 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israel ser med lengting upp til Herren og vonar at han i nåde vil hjelpa, 1.2; det bed um hjelp mot sine ovmodige fiendar, som alt lenge hev aust vanvyrdnad og spott utyver det, 3.4.

1Ein song til høgtidsferdene. / Til deg lyfter eg augo mine, du som tronar i himmelen!

2Sjå, som tenarar fylgjer handi åt husbonden med augo, og tenestgjenta handi åt matmori, soleis fylgjer våre augo Herren vår Gud, til dess han vert oss nådig.

3Ver oss nådig, Herre, ver oss nådig! For me er ovmette av vanvyrdnad.

4Ovmett er vår sjel av spott ifrå dei trygge, med vanvyrdnad frå dei ovmodige.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help