1. Samuelsbok 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren openberrar seg for Samuel, som i fyrstningi ikkje skynar at det er Herren, 1-9. Eli segjer han at det er Herren, og so fær Samuel høyra um Guds store vreide og straffedomar yver Eli-ætti, 10-14. Han fortel Eli kva Herren hev sagt, 15-18. Herren held ved og openberrar seg for Samuel og gjer han soleis til sin profet, 19-21.

1Guten Samuel tente no Herren for augo åt Eli. Herrens ord var dyrt i dei dagane, og syner var det ikkje mange av.Am 8,11

2So var det ein gong medan Eli låg og sov i romet sitt - augo hans hadde teke til å dimmast, so han ikkje kunde skilja,1 Sam 4,15; 1 Mos 27,1

3og Guds lampa hadde endå ikkje slokna, og Samuel sov i Herrens heilagdom, der Guds kista stod -

4då ropa Herren på Samuel. Han svara: Ja, her er eg!

5og sprang burt til Eli og sa: Her er eg! Du ropa på meg. Men Eli sa: Eg ropa ikkje; gakk og legg deg att! So gjekk han og la seg.

6Men Herren ropa endå ein gong: Samuel! Og Samuel reis upp og gjekk burt til Eli og sa: Her er eg! Du ropa på meg. Men Eli svara: Nei, eg ropa ikkje, guten min; gakk og legg deg, du!

7Samuel kjende endå ikkje Herren; for det var endå ikkje kome noko ord til han frå Herren.

8So ropa Herren tridje gongen: Samuel! Og han reis upp og gjekk burt til Eli og sa: Her er eg! Du ropa på meg. Då skyna Eli at det var Herren som ropa på guten,

9og han sa til Samuel: Gakk du og legg deg, og ropar nokon på deg att, so skal du svara: Tala, Herre! Tenaren din høyrer. So gjekk Samuel og la seg i romet sitt.

10Då kom Herren og stod der og ropa liksom dei fyrre gongene: Samuel, Samuel! Og Samuel svara: Tala! Tenaren din høyrer.

11Då sa Herren til Samuel: No vil eg gjera slike ting i Israel at det skal ringja for båe øyro på alle som høyrer um det.2 Kong 21,12

12Den dagen skal eg lata koma yver Eli alt det eg hev varsla um ætti hans, frå fyrst til sist.1 Sam 2,30-36

13For eg hev gjort det kunnigt for han at eg vil døma ætti hans for all tid for det brotet han hev gjort: at han ikkje aga sønene sine, endå han visste at dei førde forbanning yver seg.

14Difor hev eg svore Eli-ætti: Aldri i verdi skal broti åt Eli-ætti kunna sonast, korkje med slaktoffer eller med matoffer.

15Samuel vart liggjande til morgons; då opna han døri til Herrens hus, men han torde ikkje fortelja Eli um syni.

16Då ropa Eli på Samuel og sa: Samuel, guten min! Han svara: Ja, her er eg.

17Eli spurde: Kva var det han sa til deg? Kjære, dyl det ikkje for meg! Gud late deg bøta både no og sidan um du dyl for meg noko av det han sa til deg!

18So fortalde Samuel alt saman og dulde ingen ting for han. Då sa Eli: Han er Herren; han lyt gjera som han tykkjer best.Apg 21,14

19Samuel voks no upp, og Herren var med han og let ikkje noko av ordi sine verta um inkje.Jos 21,45; 23,14

20Då skyna heile Israel frå Dan til Be'erseba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet.

21Og Herren heldt ved og synte seg i Silo; for det var der Herren openberra seg for Samuel med sitt ord.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help