Salmane 73 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Asaf vitnar um si faste tru på at Gud er god mot sine, 1. Han sannar at denne trui hans vart rikka då han såg kor lukkelege dei ugudlege er i verdi, 2-12, medan han sjølv med all sin gudlegdom stødt var heimsøkt av liding, 13.14. Dette var ei pinesam gåta for han, og han gjekk og grunda på det for seg sjølv, 15.16; men gåta vart løyst for han då han såg at lukka åt den ugudlege fær ein skræmeleg ende, 17-20. Han ser no at tvilen han gjekk med, berre var dårskap, og lovar at han heretter vil halda fast ved Gud, som ikkje hev late han falla, og som i framtidi og skal leida han og til sist taka han upp i herlegdom, 21-24. Gud er det einaste gode han hev, og det vil han ikkje sleppa jamvel i dauden; dei som gjeng burt frå Gud, gjeng til grunns, men når berre han held seg nær til Gud, skal han koma til å lova og prisa han, 25-28.
1Ein salme av Asaf. / Ja, Gud er god mot Israel, mot dei som er reine i hjarta.
11Og dei segjer: Korleis skulde Gud vita noko? Finst det vel kunnskap hjå den Høgste?
16So tenkte eg etter og vilde skyna dette; mødesamt var det for meg /
17- til dess eg gjekk inn i Guds heilagdomar og akta på deira ende.
18Ja, på hålka set du dei; du lét dei falla, so dei gjekk til grunns.
28Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud; eg set mi lit til Herren, Israels Gud, so eg kann fortelja alle dine gjerningar.