1For sidan lova berre hev ein skugge av dei tilkomande gode ting, men ikkje sjølve biletet av tingi, so kann ho aldri ved dei same årlege offer som dei stødt ber fram, gjera dei fullkomne som kjem fram med dei.Kol 2,16-17; Hebr 7,19; 9,9-10
2Elles hadde dei vel halde upp med å bera dei fram, av di dei ofrande ikkje lenger vilde havt synder på samvitet når dei ein gong var reinsa.
3Men ved dei kjem årlegårs minning um synder;
4for det er umogeleg at blod av uksar og bukkar kann taka burt synder.3 Mos 16,14.18; 4 Mos 19,4
5Difor segjer han då han stig inn i verdi: Offer og gåva vilde du ikkje hava, men ein lekam laga du åt meg;Sal 40,7-9; 50,9; Jes 1,11; Am 5,21-22
6brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.
7Då sa eg: Sjå, her kjem eg - i bokrullen er det skrive um meg - og vil gjera, Gud, din vilje.
8Fyrst segjer han: Offer og gåva og brennoffer og syndoffer vilde du ikkje hava, og du hadde ikkje hug på dei - endå dei vert framborne etter lovi -;
9so segjer han: Sjå, eg kjem og vil gjera din vilje. Han tek burt det fyrste so han kann setja inn det andre,
10og med denne viljen er me helga ved ofringi av Jesu Kristi lekam ein gong for alle.Hebr 10,14
11Og kvar prest stend dagstødt og gjer tenesta og ber fram mange gonger dei same offer, som like vel aldri kann taka burt synder;Hebr 10,1
12men han hev bore fram eit einaste offer for synder og hev so for alltid sett seg ved Guds høgre hand,Hebr 1,3.13; 8,1
13og no ventar han berre på at hans fiendar skal verta lagde til skammel for føtene hans;Hebr 2,8; Ef 1,20.22; Sal 110,1
14for med eit einaste offer hev han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga.Hebr 9,12.26
15Men det vitnar og den Heilage Ande for oss; for etter det han hev sagt:
16Dette er den pakti som eg vil gjera med dei etter dei dagane, so segjer Herren: Eg vil leggja lovene mine i hjarto deira og skriva dei i hugen deira,Jer 31,33-34; Rom 11,27; Joh 6,45
17og syndene deira og misgjerdene deira vil eg ikkje lenger koma i hug.
18Men der det er forlating for dei, der trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
19So hev me då, brør, i Jesu blod frimod til å ganga inn i heilagdomen,Hebr 4,16; Ef 2,18
20som han hev vigt oss ein ny og levande veg til gjenom forhenget, det er hans kjøt,Hebr 9,8; Joh 14,6
21og me hev ein stor prest yver Guds hus.Hebr 4,14
22Lat oss difor stiga fram med eit sannferdeleg hjarta, med full vissa i trui, reinsa i hjarto frå eit vondt samvit og tvegne på lekamen med reint vatn!Hebr 4,16; Ef 3,12; 5,26
23Lat oss halda uruggeleg fast på å vedkjennast voni - for han er trufast som gav lovnaden -Hebr 4,14
24og lat oss akta på kvarandre, so me kveikjer kvarandre til kjærleik og gode gjerningar,
25og ikkje skil oss frå vår eigi samling, som sume hev for skikk, men påminner kvarandre, og det so mykje meir som de ser kor det lid mot dagen.Kol 3,16; 1 Kor 10,11
26For syndar me med vilje når me hev lært å kjenna sanningi, då er det ikkje att meir noko offer for synder,4 Mos 15,30; Hebr 6,4-8
27men berre ei øgjeleg gru for dom og ein logande brennhug som skal eta upp dei motstridige.Esek 36,5; Sef 1,18; 3,8
28Når nokon hev brote Mose lov, so døyr han utan miskunn etter vitnemål frå tvo eller tri mann;4 Mos 35,30; 5 Mos 17,6-7
29kor mykje verre refsing trur de då den skal verta kjend verd som hev trødt Guds Son under føter og vanvyrdt paktblodet, som han vart helga med, og svivyrdt nådens Ande!Hebr 2,3; 12,25; Matt 26,28
30For me kjenner han som hev sagt: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjeva attergjeld, og atter: Herren skal døma sitt folk.5 Mos 32,35-36; Sal 135,14
31Det er grueleg å falla i hendene på den levande Gud.
32Men kom i hug dei framfarne dagar, då de, etter de var upplyste, tolde mykjen strid i lidingar,Fil 1,29-30
33med di de snart sjølve vart til ei bisn ved hædingar og trengslor, snart leid med dei som var so farne.1 Kor 4,9; Fil 4,14
34For de hadde og samhug med fangane, og de bar det med gleda at dykkar gods vart rana, av di de visste at de sjølve hadde ein betre og varande eigedom.Apg 5,41; Jak 1,2; Matt 5,12; 6,20
35Kasta difor ikkje burt frimodet dykkar, som hev stor løn!Matt 10,32
36For de treng til tolmod, so de kann få det som er lova, når de hev gjort Guds vilje.Luk 21,19; Hebr 6,12
37For endå er det berre so stutt ei stund, so kjem han som koma skal, og han skal ikkje drygja;Jes 26,20
38men den rettferdige, ved tru skal han leva, og dersom han dreg seg undan, so hev mi sjel ikkje hugnad i han.Hab 2,4; Rom 1,17
39Men me er ikkje av dei som dreg seg undan til fortaping, men av dei som trur til frelsa for sjeli.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.