1Herren sa til Samuel: Kor lenge vil du syrgja yver Saul, endå eg hev vanda han og ikkje vil hava han til konge yver Israel? Fyll hornet ditt med olje og far i veg! Eg sender deg til Isai i Betlehem; og ein av sønene hans hev eg etla til konge.1 Sam 15,23; Apg 13,22
2Men Samuel svara: Korleis kann eg våga ei slik ferd? Fær Saul høyra det, drep han meg. Då sa Herren: Tak med deg ei kviga og seg: Eg er komen og vil ofra til Herren.
3Bed so Isai til offerhøgtidi! Sidan skal eg lata deg få vita kva du skal gjera, og den som eg då nemner for deg, skal du salva åt meg.
4Samuel gjorde som Herren sa: Då han kom til Betlehem, kom styresmennene i byen skjelvande imot han og spurde: Varslar det godt at du kjem?
5Han svara: Ja, eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og kom med meg til offerhøgtidi! So helga han Isai og sønene hans og bad dei og koma til høgtidi.
6Då dei so kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: Her stend visst framfor Herren den han vil salva.1 Sam 17,13
7Men Herren sa til Samuel: Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg er ikkje nøgd med han. Eg ser ikkje på det som menneskja ser på; for menneskja ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.Apg 10,34-48; Sal 7,10; 17,3; Jer 17,10; 20,12; Op 2,23
8Då ropa Isai på Abinadab og let han ganga fram for Samuel; men Samuel sa: Han er ikkje heller den som Herren hev kåra.1 Sam 17,13
9So let Isai Samma ganga fram; men Samuel sa: Herren hev ikkje kåra han heller.
10Soleis let Isai sju søner ganga fram for Samuel; men Samuel sa til Isai: Det er ingen av desse Herren hev kåra.
11So spurde Samuel: Var dette alle gutane dine? Isai svara: Det er endå ein att, den yngste; men han gjæter småfeet. Då sa Samuel: Send bod etter han! Me gjeng ikkje til bords fyrr han kjem.1 Sam 17,14
12So sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han og. Då sa Herren: Ris upp og salva han! For han er det.1 Sam 17,42
13Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod millom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande yver David og var med han alt framigjenom. So tok Samuel ut att og for til Rama.2 Sam 7,8; Sal 78,71; 89,21; Apg 13,22
14Men Herren tok sin Ande frå Saul og sende ei vond ånd, som støkte han tid for tid.
15Då sa tenarane åt Saul til han: Me ser at ei vond ånd frå Gud kjem og støkkjer deg.
16Herre, seg berre eit ord til oss, tenarane dine, som stend her framfor deg, so skal me leita upp ein som kann spela på harpa. Når so ei vond ånd frå Gud kjem yver deg, skal han spela på harpa si; då vil du besna.2 Kong 3,15
17Saul svara: Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og få han hit til meg!
18Då tok ein av hirdsveinane til ords og sa: Eg veit ein son åt Isai i Betlehem som kann spela; ein djerv gut er han og ein stridsmann, ordhag og ven på vokster; og Herren er med han.
19So sende Saul bod til Isai med dei ordi: Send hit til meg David, son din, han som er med småfeet!
20Då tok Isai eit asen og kløvja det med brød og ei hit med vin og eit kje og sende David, son sin, til Saul med det.
21Soleis kom David til Saul og gav seg i tenesta hjå han; og Saul fekk han kjær og gjorde han til våpensveinen sin.
22Um eit bel sende Saul bod til Isai med dei ordi: Kjære, lat David få vera i tenesta hjå meg! For eg likar han.
23So tidt no sidan den vonde åndi frå Gud kom yver Saul, tok David harpa og spela på henne. Då letna Saul i hugen; han tyktest besna, og den vonde åndi kvarv ifrå han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.