Hosea 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

1Seg då til brørne dykkar: Ammi! og til systerne dykkar: Ru-hama!Profeten manar Israel til å gjeva upp horelivnaden sin (avgudsdyrkingi si) og trugar med at Herren elles vil taka frå dei det gode som han hev signa dei med, og som folket no takkar avgudane sine for og misbrukar til å tena dei med; dei sjølve vil han gjeva i hendene på framande folk, so dei gjenom denne straffi skal læra å skyna kor vanmektige avgudane er, og lengta attende til han, 2-13. Sidan skal han med kjærleik og godleik føra dei til heil umvending og gjera ei æveleg pakt med dei, gjeva dei fullkomen fred og ein rik fullnad av timeleg signing, 14-23.

2Skjem på mor dykkar, skjem på henne! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Få henne til å hava burt horebragdene or andletet sitt og lauslynde-faktene frå barmen sin!

16Den dagen, segjer Herren, kjem det til å verta so at du ropar: Mannen min! Og du skal ikkje meir ropa til meg: Ba'al min!

17Ja, Ba'als-namni vil eg taka reint ut or munnen hennar, so dei vil aldri nemnast meir.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help