Jeremia 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
I ei syn viser Herren profeten tvo korger som stend framanfor heilagdomen, den eine med gode, den andre med låke fikor, 1-3. Den fyrste korgi er eit bilete på dei jødane som var burtførde til Babel med Jekonja; dei skal venda um til Herren, og han skal taka dei til nåde og lata dei koma att til landet sitt, 4-7. Hi korgi er eit bilete på Sedekias og den leivningen av folket som anten var att I landet eller hadde rømt til Egyptarland; dei skal ikkje verta vanæra og tynte, 8-10.
1Herren let meg sjå denne syni: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens heilagdom - det var då Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingane, timbremennene og smedane og ført dei frå Jerusalem til Babel.